• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Steinraset ved Mundheim våren 1997

Steinraset ved Mundheim våren 1997. Rask nedbremsing redda truleg livet for Anita Stave og dottera Maria. (Frode Steine)

RASVEGEN

Ved Mundheim er det ei farefull strekning langs riksvegen. Fjellet har rasa ut fleire gonger i dette området. Typisk nok skjer det om våren, når frosten har sleppt taket.

Glimmerskiferfjellet er ustabilt fordi det går ei forkasting gjennom Mundheimsdalen, som held fram sørover langs fjorden. Glimmerskiferen har derfor mange sprekkar, og store blokker har rasa ned i skråninga frå skrenten øvst i lia. Somme av desse blokkene er gigantiske, store som hus.

Vegetasjonen i edellauvskogen er med på å auka forvitringa. Når dei lange røtene til tre og andre vokstrar trengjer seg ned i fjellsprekkane, kan stein bli sprengd ut frå skråninga. Glimmerskiferen forvitrar òg lett ved kjemisk omdanning til leirmineral, og dette gir eit jordsmonn som lett kan siga i det bratte terrenget, særleg etter mykje regnvêr. Leirminerala verkar som smurning, og friksjonen blir redusert. Det kan føra til at dei lause steinane og blokkene oppe i lia òg kjem på gli, og ramlar ned i vegen.

Edellauvskogane i Hordaland ligg gjerne i bratt terreng ved foten av steile fjellsider, og deler oftast plass med mykje rasmateriale. Svære blokker som rasar ned gjennom lia, kan påføra trea stor skade, men for skogen som økosystem er ikkje dette skadeleg. Tvert i mot er det gunstig om nokre tre blir knekte, slik at det kjem ei opning i skogen. Det gir fleire økologiske nisjar, med høgare temperatur og meir lys til skogbotnen.

  • Foslie, S.; Dietrichson, B. 1955. Kisdistriktet Varaldsøy-Ølve i Hardanger og bergverksdriftens historie. Norges geologiske undersøkelse 147.