• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Nestunet ved  Nesvatnet.

Nestunet ligg fint til ved Nesvatnet.

EIN VESTLANDSGARD

Garden Nes like innanfor Mundheim ligg på eit skogkledd nes ut i fjorden mellom Mundheimsvika og Bondesundet; ein gard med eit innbydande og velstelt kulturlandskap, påskjønna for vøling av bygningar og landskapsskjøtsel.


Men det gamle fellestunet på Nes finn vi ikkje lenger slik det låg. Røykstova og bualoftet frå «Oppistovo» og stabburet og eldhuset frå «Nistovo» vart flytt etter utskiftinga i 1912 til det nye friluftsmuseet som var under oppbygging ved Norsk Folkemuseum på Bygdøy.

Øvre Nes vart delt i to bruk i 1688, og dei låg i eit felles tun fram til 1912.Bygningane frå Nes er kjernen i vestlandstunet på Bygdøy og gjev vitjaren ein umiskjenneleg dåm av Vestlandet, med røykstover og kritkvit kroting på sotsvart tømmer. Jamvel om vår tid ikkje lenger har så stor sans for museal «kulturimperialisme» som flyttar hus ut or sitt opphavlege kulturlandskap, må vi vedgå at mange dyrebare delar av den norske kulturarven på denne måten har vorte redda for ettertida. Vi kjenner det gamle fellestunet på Nes gjennom Arne Bergs nøyaktige rekonstruksjon, og dette innhaldsrike tunet er framleis å sjå i landskapet. Det ligg fleire eldre bygningar att i tunet, som av dagens eigar vert stelt med stor pietet og respekt for dei historiske verdiane. Gjennom gardsturisme er Nes ein av dei gardane som ønskjer velkomen i kulturlandskapet.

  • Rekonstruksjon av tunet på Øvre Nes

Rekonstruksjon av tunet på Øvre Nes på slutten av 1880-åra (frå: Berg, A. (1968) Norske gardstun. Oslo.).

  • Båtfiguren på eldhusveggen

Båtfigur på eldhusveggen - eit omtykt motiv (Svein Nord).

  • Stær
  • Kåre Nes kontrollerer ein uglekasse

Heim for fuglar

Fuglane trivst i Nestunet. Det hekkar fleire par låvesvaler inne på låven enn det som er vanleg på ein gard av denne storleiken. Utmarka blir skjøtta slik at gamle tre får lov til å bli endå eldre, og dermed meir verdifulle for meiser, flugesnapparar og hakkespettar. Overalt heng der fuglekassar, og dei aller fleste er i bruk, også av staren, som finn rikeleg med meitemakk og andre godbitar på markene. Kunstgjødsel er sjølvsagt ikkje i bruk. Det mest kunstige du ser, er nokre korger som er sette opp nede ved vatnet, der stokkanda er velkomen til å byggja reir. Det er til no det einaste bonden Bjarne Nes og familien ikkje har lukkast med. Men kanskje neste år…?

  • Frå bygginga av Nesbrua
  • Nesbrua

Nesbrua

Bygginga  av Nesbrua starta  i mars 2016 og vart fullført i august 2018.  Etter det ein kjenner til, er dette den andre nye kvelvbrua i Noreg etter at tradisjonen med denne brutypen tok slutt.

 

Ei kvelvbru blir boren av eit eller fleire kvelv av stein, opphavleg utan mørtel i fugane. I Noreg finst mellom 200 og 300 kvelvbruer, den lengste er på 100 meter. På Vestlandet  vart bruene bygd frå 1816 og fram til 1920-åra då dei vart utkonkurrert av betongbruer.

 

Nesbrua har ei spennvidde på seks meter, er fire meter brei og 14,9 meter lang. Ho knyter saman turvegar, er open for turgåarar, og skal kunna brukast av traktor.