• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Norheimsund sett frå Tolo kring hundreårsskiftet
Norheimsund sett frå Tolo kring hundreårsskiftet. Garden Norheim til høgre. Til venstre Sandven hotel (O. A. Svanøe, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (Sv. 858)).

Norheim, «garden ved det tronge sundet», er nemnd i mellomalderdiplom og skifte. Det er ein av dei store gardane i Hardanger som høyrde til mellom dei mektige stormannsættene: Sandven i Kvam, Torsnes i Jondal, Aga i Ullensvang og Spånheim i Ulvik.

I mellomalderen hadde Norheim eit stort jordegods: Vines, Sekse, Espe, Alvsåker, Hesthamar, Kjerland, Tveit, Bu, Nesheim, Ålvik, Nesthus, Skutlaberg, Gørvingasetr og Hallaråker. Så langt attende ein kan følgja garden, har Norheim vore delt i to bruk; i 1640 var desse delte i to nye bruk, og i 1900 hadde indre og ytre Norheim eit folketal på 139. Den eldste røykstova som står att på garden, har hatt rundboga dører og skriv seg kanskje frå seinmellomalderen. Stova ber merke etter å vera teken ned og sett opp att. Like ved stod ei liknande røykstove som vart riven kring 1880. Denne stova vart måla av Tidemand i 1867 og i 1873. I løa er det 7 store hjørnestavar, med spretthogd fiskebeinsmønster; kanskje frå eit huskapell som det på Aga. Biskop Neumann, som vitja Norheim i 1825, fortel om «12 canellerte søiler» som etter segna skulle vera tiltenkt ei kyrkje.

  • Sælen, F. (1957) Sandven hotel 100 år: 20. mai 1857-20. mai 1957. Norheimsund, Sandven turisthotell
  • Tveit, L. (1945) Sandven Landhandel 100 år.
  • Vikør, L. J. (1956) Frå Grovi i eldre tid. Bergen.