• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

«Stående pike»

«Stående pike» av Ingebrigt Vik, 1908 (Svein Nord)

INGEBRIGT VIK - EIN KLASSIKAR I NORSK BILETHOGGARKUNST

I ein særmerkt åttekanta bygning i sentrum av Øystese er samla det meste av det bilethoggaren Ingebrigt Vik (1867–1927) skapte i sin korte karriere; skulpturar for det meste i små format. Dei innbyr til meditasjon og ettertanke; klassiske, tidlause portrett. Det var livet sjølv han ville utforska – i det sårbare andletet til småguten, i unggjenta enno urørd av kjærleik og livsens krav. Vi møter kvinna som sit ved enden av livsvegen og ser attende på farne år, vi møter mannen som alt i ung alder er tyngd av motgang og sorgmod. Så mange fasar av livet finst i desse figurane; mange av dei modellerte i det tiåret Vik hadde i Paris; hans beste år. Ingebrigt Viks portrettstatuar er hans meisterverk: Statuen av Edvard Grieg til Byparken i Bergen i 1917, er for eit stort publikum vorten sjølve sinnbiletet av den store toneskalden.