• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

MORENERYGGER

Rindarnemorenen er synleg frå den rette vegstrekninga i Eikedalen, mot Kvamskogen. Nordaust for Eikedalsvatnet viser han seg som ein skogkledd rygg, frå himmelsynet og nedover i dalsida.

Følgjer du stigen langs Dalagjelet, nord for Måvotsvatnet, vil du sjå at den skogkledde ryggen fører vidare, like nord for toppen av Skeisheia, i knapt 800 meters høgd. Systemet av morenar er til saman over ein kilometer langt, med mange små bogeforma rygger som demmer opp myrar langs høgdedraget.

Moreneryggene vart avsette av ein bre som kom ned Skeiskvanndalen frå nord. Brefronten nådde heilt ned i Eikedalsvatnet, og riksvegen kryssar moreneryggen ved garden Teigen, like vest for tunnelen. På denne staden er det òg spor etter ei smeltevasselv mellom ryggen og fjellsida. På vestsida, i lia frå Eikedalen skisenter og ned mot den nedlagde skiheisen ved riksvegen, skuva breen opp store morenemassar.

Moreneryggene viser at det var «liv» i isbreane lenge etter at kuldeperioden i yngre dryas, som markerer slutten av den siste istida, var over. Framstøytane som breane i fjellheimen gjorde etter yngre dryas, og som resulterte i Rindarnemorenen, kan koma av kalde somrar med lite snøsmelting, eller meir truleg vintrar med mykje nedbør. Alderen på desse ryggene er om lag 10 800 år.

  • Kart over Rindarnemorenen

Kart over Rindarnemorenen (Kart: Martin Hamborg/Eva Bjørseth).

  • Hamborg, J. 1983. Strandlinjer og isavsmelting i midtre Hardanger,Vest-Norge. Norges Geologiske Undersøkelse 387:39–77.