• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sandven hotel

Sandven hotel, eitt av dei større sveitserhotella som enno står i sin opphavlege stil, vart bygt i 1897 (T. Lofthus, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (Lo. 267)).

STRANDSTADEN OG SANDVEN HOTEL

Det er på garden Sandvens grunn, ein av dei største gardane i Hardanger i mellomalderen, at strandstaden har vakse fram. Alt i høgmellomalderen hadde bøndene frå Steinsdalen fått setja opp sine naust her. Frå slutten av 1700-talet tok oppsitjaren Knut Grovi til med litt småhandel, reipslageri og tjørebrenning, men det var først då jakteeigaren Nils Sjurson Skutlaberg slo seg ned her i 1844, at strandstaden byrja å ta form. Han sette seg opp sjøbu og krambu i 1850, og fekk landhandlarbevilling i 1857. Det gav han også rett til å halda gjestgjeveri og skyssstasjon, og dermed var grunnen lagd for det som seinare vart til Sandven hotel. Nils Skutlaberg tok namnet Sandven og vart ein retteleg bygdematador: Tingstaden vart flytta frå Øystese til «landhandleriet Sandven» og her vart det stoppestad då den nye dampskipssamferdsla tok til i 1861–62. Då kom også namnet Norheimsund inn som namn på strandstaden – namnet på sundet ved garden Norheim.