• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Dekoren frå Skogaselstova

Dekoren frå Skogaselstova, no på Stalheim Museum (Egil Korsnes).

EI RENESSANSEBU

Eit stykke opp i Strandadalen ligg garden Skogasel. Her låg det i 1920 ei gjestestove eller gjestebu, bygd saman med ei røykstove. Gjestebua hadde veggfaste senger og var prydd med vakker veggdekor: store velforma renessanseroser med blomar og rankar. Truleg skriv denne målinga seg frå midten av 1600-talet. Vi kan tenkja oss at det er ein laugshandverkar som har vore oppe på Skogasel og dekorert gjestebua, kanskje i samband med målaroppdrag ved bygging av ny kyrkje etter kyrkjebrannen i 1659. Bygningen vart freda i 1924 men vart ståande i forfall. I dag er delar av tømmerveggene frå rosebua på Skogasel bygde opp att på Stalheim folkemuseum.