• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Tangarås

Tangarås då Kinck-familien budde der (Theodor Kinck, eigar: Riksantikvaren (Ark nr. B 274)).

HANS E. KINCK OG STRANDEBARM

Frå loftsglaset sitt i doktergarden på Tangarås hadde den unge Hans Ernst Kinck utsyn til fjorden og Maurangerfjella. Fjordbygdene på Vestlandet gjorde eit sterkt inntrykk på ungguten då familien flytta frå Setesdal, frå «balladens lumre mystik», til Strandebarm i 1876. Den nye distriktslækjaren kjøpte den gamle kapteinsgarden på Tangarås, som ei tid hadde vore militær sjefsgard etter Håbrekke lenger inne i bygda.

Theodor Kinck utvida det huset som stod på Tangarås då han kom dit, og bygde det om i sveitserstil; truleg ein av dei tidlegaste sveitserstilbygningane på Vestlandet. På kvistrommet hadde Hans Ernst tilhaldsstaden sin dei åra han budde heime før han reiste ut for å studera, og seinare i mange somrar. Dei finskorne og presise observasjonane hans av bygdene og folket finn vi i boka Steder og folk (1924), som til fulle viser Hans Ernst Kincks meisterskap; ein finslipt stilist og ein skarp iakttakar. Det er vel nettopp denne sida ved han som fall folk så tungt for brystet. Alt i dei første bøkene, Huldren. Et Vestlandsbillede og Ungt folk fann bygdefolket lett attkjennande modellar, og i Sneskavlen brast vandra dei levande omkring. Novella Den nye kapellanen er for all tid vorte eit usminka, nesten parodisk nærbilete av nyfikne og forvitenskap i lokalsamfunnet. Men bygdefolket kjende seg spotta og uthengde og hadde ikkje syn for kosmopolitten og europearen Hans E. Kinck.

I dag er dokterbustaden på Tangarås prega av dei som seinare har budd her: bonden og treskjeraren Johannes Tvedt – ein elev av Lars Kinsarvik – og kunstnarekteparet Frida og Ola Rusti. Embetsmannsbustaden, med eldhus og ei 1700-tals bu i tunet, formar ein fin heilskap med eikeskog like ved og alm og kastanje – eit gammalt kulturmiljø.

  • Strandebarm frå omlag 1900

Strandebarm frå omlag 1900 (foto: ukjend, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (neg. D 8782)).

  • Spørck, N. (1989) Theodor Kinck: distriktslegen og maleren, dikterens far. Oslo.