• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Fossen øvst i Tokagjelet

Fossen øvst i Tokagjelet. (Helge Sunde)

GJELET SOM TILPASSA SEG HARDANGERFJORDEN

Det er ein brå overgang mellom den breie dalen på Kvamskogen og det tronge Tokagjelet. Overgangen er ikkje mindre dramatisk når vi kjem ut av dei krokete tunnelane nedst i gjelet, og den opne Steinsdalen vidar seg ut. Gjelet både skil og bind saman to epokar i Vestlandets danningshistorie.

Før istidene var dalen frå Jonshøgdi og austover mot byrjinga av Tokagjelet ein sidedal til «Hardangerdalen». I denne epoken rann elva roleg vidare i eit slakt og avrunda landskap til ho enda i den store «Hardangerelva», om lag der Aksnes no ligg, men mykje høgare i terrenget. «Hardangerelva» nådde ikkje havet før ho kom sør for Bømlo ein stad.

Då istidene sette inn, overtok breane gravearbeidet etter elvane. Med stor kraft tok isstraumane snart til å grava vidare i dalen som alt var danna av «Hardangerelva». Hardangerfjorden og mindre sidefjordar vart etter kvart gravne ut, arbeidet skjedde frå kysten og innover i landet. Etter fleire istider nådde fjorden inn til Kvam i tidsrom då isen var vekke. I desse tidsromma fekk elva frå Kvamskogen det travelt. Det vart kort veg og stort fall ned til Steinsdalen, som då var ein fjordarm. Elvegravinga gjekk raskt og effektivt, Tokagjelet vart utforma.

Arbeidet er ikkje slutt: Enno grev elva i botnen av gjelet. Dette fører til bratte dalsider og mykje skred i liene – endåtil vegen blir råka av skred frå tid til anna. Steinane som samlar seg i botnen av gjelet, blir arbeidsreiskapar i den vidare gravinga. Transporten av grovt materiale går føre seg i flaumperiodar – «hundreårsflaumen» er sjølvsagt meir effektiv enn ein vanleg vårflaum. Dei største steinane ligg i ro inntil dei deler seg til mindre steinar, som elva så kan ta med seg.

Gjelet går i sikksakk. Det kjem av at elva lettast grev langs svake soner i fjellet. Dei går anten langs lagdelinga i fyllitten (nordaust- sørvest) eller langs sprekkar som går vinkelrett på lagdelinga (søraust-nordvest). Når elva grev langs lagdelinga, blir det danna ein asymmetrisk V-dal (teikninga til høgre), med nordvestsida som den brattaste sida. Tok i Tokagjelet tyder då òg «tak», som viser til dei bratte fjellsidene og overhenga. Slaksida følgjer lagdelinga i fjellet. Det er lettast å studera tilhøva i Tokagjelet frå gamlevegen på utsida av den nedste tunnelen (Snauhaugtunnelen).

Øvst i Tokagjelet kan vi sjå restar av den gamle dalbotnen frå før istidene eit stykke austover. Det er tydeleg at gjelet er ein «dal i dalen». Restar av den gamle elvedalen finn vi òg som dalhyller i Steinsdalen, som ved Rosseland ovanfor Steinsdalsfossen.

  • Tokagjelet

Tokagjelet – ein stor bergsprekk i eit gammalt landskap frå før istidene. (Masaoki Adachi)

  • Tverrsnitt gjennom Tokagjelet.

Tverrsnitt gjennom Tokagjelet.

  • Tokagjelet
  • Gamlevegen nedst i Tokagjelet

I 1871 vart det bygt ferdig kjøreveg gjennom Steinsdalen frå Norheimsund, og frå 1885 vedtok fylkestinget å løyva pengar til veganlegget Tysse-Norheimsund. Eitt av dei vanskelegaste avsnitta på vegen var dei 3 kilometrane gjennom Tokagjelet. Her laut vegen sprengjast ut or fjellet i tunnelar eller halvtunnelar; eit dristig og krevjande vegprosjekt.

 

Det første veganlegget i Tokagjelet stod ferdig etter 22 år, i 1907. No kunne ein koma frå Bergen til Norheimsund på 9 timar: først 1 1/2 time med toget til Trengereid og så 7 1/2 time med hesteskyss derifrå. Hotelleigar Nils N. Sandven kjøpte i 1909 ein firesylindra «Windhof». Med den kjørte han Norheimsund-Trengereid på 3 timar. I 1990-åra vart den eldste vegen gjennom Tokagjelet sett i stand som sykkelveg og i 2009 freda Riksantikvaren gamlevegen som eit kulturminne.

  • Me trekkjer trådar attende i tida, 5.T. T. Storaas 1982