• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Vikøy

I det særprega orkesterverket Hundrad Hardingtonar har komponisten Geirr Tveitt (1908-1981) med utsøkt klangsans arrangert 100 folketonar for klaver og orkester; henta frå eit materiale på over 1000 folketonar som han samla i Hardanger i åra 1942-45. Han var fødd i Bergen, studerte i Tyskland og budde i periodar i Oslo, men hadde røtene i Kvam og hus i Bjødnabrakane på garden Tveit i Vikøy. Med meisterleg karakteriseringsevne og instrumentkunnskap er han den av dei norske komponistane, ved sida av Edvard Grieg og Harald Sæverud, som medvite har utnytta folketonane og vorte nyskapande innanfor norsk musikktradisjon. For mange er kanskje Geirr Tveitt mest kjend gjennom lyriske visemelodiar med ein særeigen og vakker klangfarge, som tonen til Jakob Sandes vedmodsfylte vise Fløytelåt eller Aslaug Laastad Lygres vedkjømeleg vakre sommarnattsstemning: «Vi skal ikkje sova burt sumarnatta/ho er for ljos til det ...».