• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Røykestova i Vika

Den gamle røykstova som står i tunet i Vikjo litt sør for Omastrand, vart freda i 1924. Stova er frå 1500-talet.

Opphavleg omfatta fredinga også ei tohøgda sengebu med sidesval og eit stabbur. Desse bygningane vart overtekne av ungdomslaget i Strandebarm, «Kirkebygdens ungdom», og vart kjernen i eit lite bygdemuseum på Bru. I mange år stod bualoftet på ny tuft like ved sida av skulen, men seinhaustes 1969 vart det rive og ført til Hordamuseet på Stend, der det framleis ligg lagra.

Røykstova i Vika står i sin gamle stand i tunet på Omastrand, bygd saman med eit grindbygt eldhus i sørgavlen og ein kleve med sval eller «dør» i nordgavlen. Bygningen er kledd utvendig med liggjande, kantskorne bord, festa med trenaglar. På bordkledningen og på eldhusdøra finn vi innrissa bilete av jakter og andre skuter. Som hesten i innlandsbygdene var båten i fjordbygdene sentral i all transport og samferdsle.