• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gravrøys på Vikingnes

Gravrøys på Vikingnes (Svein Nord).

RØYSAR LANGS FJORDEN

Langs Hardangerfjorden finst ei mengd gravrøysar av eit særmerkt slag. Dei er bygde av stein og vantar heilt jordfyll. Somme kan vera fleire meter høge og over 20 m i tverrmål. Ofte ligg dei på framskotne, høge knausar, tett ved fjorden, og verkar dominerande i landskapet, særleg sett frå sjøsida. Dei er fjordlandskapet sin parallell til kystrøysane, som der ute pregar landskapet langs leia.

På den 15 km lange strekninga frå Ljones til Eidesvågen har det vore minst 25 stykke. Mange av dei finst framleis. Nokre av dei største ligg på Vikingnes, søraust for Ljonesvågen. Få funn er kjende frå fjordrøysane, men ved gransking av eit par stykke ved Straumasteinen, under Eide, vart det gjort funn frå yngre bronsealder. Andre har gjeve funn frå jernalderen.