• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Røykstove i Vikøy

Røykstove i Vikøy (Vigoer). Akvarell av Adolph Tidemand, 1843 (Penn, lavering, akvarell og gouasche: Adolph Tidemand, foto: J. Lathion, eigar: Nasjonalgalleriet (B4487, 25,5x35,5)).

VIKØY PRESTEGARD

Gjennom Adolph Tidemands detaljerte nærbilete frå røykstover i Kvam har prestegarden i Vikøy, der han budde på sine målarferder gjennom Hardanger, fått ein sentral posisjon i den norske nasjonalromantikken.

Vikøy er nemnd som prestegard på 1300-talet, men både som kyrkjestad og prestegard er Vikøy eldre enn dette. Vikøy er ein av dei få embetsgardane som framleis har sitt gamle tun, bygd som ein av gardane i Kvam, utan noko dominerande hovudhus av «embetsmannstype», slik dei var vanlege på 1700-talet. Stovehuset er eigentleg tre hus bygde saman, opphavleg med ei røykstove frå 1612 midt i anlegget. I tunet ligg også eit stabbur frå slutten av 1700-talet; det såkalla Selmerhuset – ei eldre røykstove innreidd som eldhus og ombygd kring 1870 – og Borgstova; ei røykstove frå 1815. Det er ei slik stove Tidemand brukte som modell i Haugianerne.

Tidemand var på friarferd til søster åt soknepresten, Claudia Jæger, i 1843. Etter at dei var gifte, var han årviss i Vikøy om sommaren i mange år. Tunet er i dag freda.

  • Akvarell av Nils Hertzberg

Den allsidige prosten i Ullensvang, Nils Hertzberg, tok gjerne inn i Vikøy. Dette er ein av hans akvarellar: Utsyn frå loftsglaset (akvarell: Nils Hertzberg, foto: Ann Steindal)

  • Vikøy kyrkje

Vikøy kyrkje

  • Vikøy kyrkja: 1838 - 1938: festskrift (1938). Kvam, Soknerådet.