• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Buardalen og Buarbreen før 1880

Buardalen og Buarbreen før 1880. Hotellet som kan skimtast midt på biletet, gjekk med då isen gjekk fram nokre få år etter. (Knud Knudsen)

TURISTBREEN I INDRE HARDANGER

Buarbreen vart tidleg mål for den aukande turiststraumen til Odda på 1800-talet. Utlendingar i tusental, mest engelskmenn og tyskarar, valfarta til det storfelte landskapet framfor breen. Attende på hotellet i Odda kunne dei nyta drikke med is frå breen.

Saman med Bondhusbreen i Kvinnherad er Buarbreen den breutløparen frå Folgefonna som har nådd lengst ned i dalsida, og som har vore lettast tilgjengeleg. Buarbreen er delt i to brearmar, Øvre og Nedre Buarbreen. Frå parkeringsplassen inst i Buardalen er det to timars vandring til bretunga. Langs vegen viser spor i landskapet og vegetasjonen korleis breen har lagt på seg og krympa frå slutten av 1800-talet og fram til i dag.

Den største utbreiinga nådde breen under «den vesle istida», ein periode med breframrykk som varte frå omkring 1650 til 1930. Foto tekne av Knud Knudsen frå byrjinga av 1860-talet og fram til 1892 viser at Buarbreen gjekk kraftig fram i dette tidsrommet. På eit bilete frå 1892 ligg brefronten heilt inntil eit gammalt hus. Breen var truleg lengst framme i 1893, heile to kilometer lenger nede enn i dag. Eit foto teke av Johan Rekstad i 1917 viser at Buarbreen då hadde gått attende om lag 600 meter i høve til den maksimale utbreiinga på 1890-talet. Ein ny stor framstøyt på 1930- talet la på nytt side- og endemorenar om lag 50 meter innanfor 1893-morenen.

Etter breframstøyten på 1920- og 1930-talet smelta Buarbreen attende fram mot 1960- talet. Flyfoto viser at breen då hadde delt seg i to etter å ha vore ein stor brearm gjennom «den vesle istida», og at det var avsett morenerygger etter mindre framrykk like før. Brefronten har hatt fleire små framrykk både på 1960-, 1970- og 1990-talet. I perioden 1994–96 rykte Nedre Buarbreen fram 42 meter, som ein reaksjon på auka vinternedbør.

Det var harde tider for skogen då breen seig langt ned i låglandet. Eit bilete frå 1892 viser gamle styvde tre som stod like inntil brekanten. Vi må tru at mange stuvar og annan skog strauk med i området der breen rykte fram. Noko alm og andre varmekjære lauvtre gjekk så vidt klar av breframstøyten. Framleis står den gamle og frodige edellauvskogen som breen aldri fekk røra, høgt oppe i den sørvende lia. Der breen dekte marka for dryge hundre år sidan, derimot, har det kome opp ny skog, unnateke mark der det har vore kraftig beiting. I den nye skogen er jordsmonnet skrint, fordi det har hatt relativt kort tid til å utvikla seg. Dei viktigaste treslaga er bjørk og gråor.

  • Kart over morenerygger og skogstypar i Buardalen.

Kart over morenerygger og skogstypar i Buardalen. 

  • Buardalen

Buardalen, turistmagnet for hundre år sidan, framleis ei vitjing verdt. Breen kan skimtast inst i dalen. (Svein Nord)

  • Buardalen

Pionerskog

Bjørk, selje og gråor er hardføre treslag som greier seg i nærleiken av bretunger. Når breen trekkjer seg attende, er dei raske til å ta den nye grunnen i bruk. Dei første plantene som slår rot på ein ny veksestad, blir kalla pionerplanter. Bjørk, selje og gråor er typiske pionertre. Kravet til sommarvarme er mindre for bjørk og gråor enn for dei fleste andre treslaga. Pionertrea set dessutan rikeleg med frø, og dei veks raskt i starten. Derfor kan dei på kort tid etablera seg på opne stader, der det ikkje er konkurranse frå andre treslag.

 

På fersk morenejord har gråora nytte av bakteriar i knollar på røtene. Bakteriane kan ta opp nitrogen frå lufta i jorda. Dette hjelper gråora til å slå rot i miljø som er fattige på viktige næringsemne. Gråora trivst godt langs elva i dalbotnen av Buardalen, og vekslingar i vassmengda er ikkje noko problem. Men dersom tilhøva blir for barske, med stor erosjon i vatnet frå breen, eller sommaren blir for kort og kald, vil ikkje eingong gråora greia seg. Då er det gjerne vierkratt som overtek pionerrolla. Dei vanlegaste vierartane er svartvier, sølvvier, lappvier og grønvier.

  • Kranskonvall

Kranskonvall finst på god moldjord i lauvskogane i Buardalen.

  • Bjelland, T. Rekonstruksjon av bre- og skredaktivitet i Buerdalen. 1998. Hovudfagsoppg. i naturgeografi, Inst. for geografi. UiB.