• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Dyrskard med den restaurerte anleggsbrakka

Dyrskard med den restaurerte anleggsbrakka (Helge Sunde).

Vegen over Haukelifjell var frå først av ein veg frå «fjord til fjord», frå botnen av Sørfjorden til Dalen i Telemark. Sambandet over Røldal–Haukelifjell vart av Stortinget sett på som så viktig at veganlegget Odda–Dalen vart vedteke alt i 1853.

I 1865 vart den nye vegen opna; langs den stupbratte fjellsida på austsida av Sandvinvatnet, gjennom fosselandskapet i Oddadalen, opp hårnålssvingane i Seljestadjuvet, over Røldalsfjellet, opp Austmannalia og Tarjebudalen, framom Svandalsflona og Midtlæger, gjennom Dyrskard og over Ulevå til Telemark. Først i 1887 vart vegen ferdig heilt fram til Dalen. Sommarstid var dette både ei attraktiv og komfortabel reiserute mellom Austland og Vestland; viktig for utviklinga av turismen. Vegen som går der i dag, følgjer enno i hovudsak den gamle traséen. I Dyrskard, det høgaste punktet på vegen, ligg den gamle anleggsbrakka. Denne vart også nytta av dei som moka vegen om våren; eit seint og slitsamt arbeid. Ein vanleg teknikk var å «åta» snøen; å strø jord på fonna slik at snøen smelta snøggare. Hordaland vegkontor har sett denne brakka i stand – eit lite, men viktig kulturminne i dette vêrharde skardet. Dyrskard har nok namnet sitt frå forhistorisk tid. Det må ha samanheng med topografien; ein passasje – ei dør – i landskapet. Rett nord for Dyrskard ligg Middyr.

  • Hårabakkane

Hårabakkane

På vestsida av Røldal går vegen i store svingar opp Håra eller Hårabakkane, slik vi ser det på dette biletet, «Parti Fra Haare», frå ca. 1900. Namnet vert i dag ofte skrive Horda. Skrivemåten og namnetydinga er omdiskutert. Røldalsbygda i bakgrunnen.

  • Mot Seljestadjuvet

Seljestadjuvet