• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Snøskred – rasulukka ved Kalvanes i Odda i januar 1993

Snøskred – rasulukka ved Kalvanes i Odda i januar 1993. (Eirik Brekke)

17. januar 1993 vart området mellom tettstaden Odda og Eitrheimsneset råka av veldige snøskred. Eitt menneskeliv og store materielle verdiar gjekk tapt.

Dette området har vore utsett for skadar av snøskred mange gonger tidlegare. Dei fleste skreda startar i bratthenget under Ruklenuten, i om lag 1300 meters høgd. Skreda frå Ruklenuten blir kalla Klungersetskreda, Helgesliskreda, Breiskreda, Røynhammarskreda, Rindaskreda og Juvaskreda – rekna frå sør mot nord. Ofte er det ikkje snøen som gjer størst skade, men den svært sterke vinden som dannar seg framfor skreda.

Det var Klungersetskreda som gjorde verst skade i Odda i 1993. Skredet vart videofilma, og dramaet vart vist på fjernsyn over heile verda. Men også frå Tokheimsnuten gjekk det to store skred dette året: Helleskreda og Husaskreda.

Etter skredvinteren 1993 vart det sett i gang eit omfattande arbeid med å planleggja og byggja skredsikringar. Arbeidet stod ferdig i 1994 og kosta 40 millionar kroner. Skredsikringane er bygde av store jordvollar og jordpyramidar. Dei skal stoppa snøskreda ved Kalvanes og Egne Hjem før skreda når ned til bustader og riksvegen. På Tokheim er det bygt store betongmurar, som skal leia skreda ut til sidene, bort frå husa. Ved Eitrheim, der skreda følgjer eit elvefar, er elveløpet no senka. Ein leiemur er bygd langs elvekanten.

Etter 1993 har det ikkje vore snøskred som har gjort skadar på bustader i Oddaområdet. Skredtiltaka har altså så langt gjort jobben sin, men dei har enno ikkje fått bryna seg mot så store skred som i 1993.

Korleis snøskred blir danna

Snøskred blir klassifiserte i to hovudtypar: flakskred og laussnøskred. Flakskred blir utløyste langs ein lengre brotkant, gjerne høgt oppe i fjellsida. Som oftast er det eit glidelag som dannar «golvet» i skredet. Det ligg anten inne i snøpakken eller på botnen, mot vegetasjonen under snøen. Denne typen skred går over breie område, med store snøflak som etter kvart blir knuste. Er snøen tung og våt, vil farten i eit flakskred vanlegvis vera 10–30 meter i sekundet. I tørr snø kan flakskred gå mykje raskare.

 

Laussnøskred startar i eit punkt høgt oppe i fjellsida. Om terrenget ikkje er til hinder, breier slike skred seg gjerne utover som ei veksande kjegle. Startpunktet kan vera ein snøskavl som brest av si eiga tyngd, ofte etter ein periode med mykje nedbør og snøoppsamling som følgje av vind.

 

Hellinga i terrenget er viktig for å gjera seg opp ei meining om skredfaren. Dersom hellingsvinkelen er mindre enn 28 grader, blir det så godt som aldri utløyst snøskred. I fjellsider med meir enn 50 graders helling rasar snøen gjerne unna etter kvart som han fell. Det er altså dal- og fjellsider med mellom 28 og 50 graders helling som er skredutsette. Slike område er det mange av i Hardanger.

 

Laussnøskred som startar høgt oppe i skard og juv, er ganske vanlege i Hardanger. Desse skreda følgjer elvefara og breier seg gjerne ut på elveviftene ved fjorden. Som oftast gjer dei ikkje større skade, ettersom skredfara er velkjende i grendene.

 

Sørpeskred er ein variant som gjerne går langs bekkefar i kraftige regnvêr. Slike skred er samansette av ei tung blanding av vatn, snø og stein. Skadepotensialet er ekstra stort, ettersom sørpeskred kan nå lenger ut på flate område enn andre skredvariantar.

  • Skredmark ved Røldal

Vegetasjon på skredmarker

Snøskred forstyrrar vegetasjonen. Skog kan ikkje veksa slike stader, heller ikkje buskar og lyng trivst særleg godt. Skoglause skredmarker er det derfor mange av langs Sørfjorden. Dei plantene som greier seg mellom skreda, får godt med lys og gunstige temperaturar. Ettersom erosjonen frå skreda fører til lite samanhengande vegetasjon, blir det dessutan liten konkurranse frå andre planter.

 

Mange planter som vi kjenner frå vegkanten, veks godt i skredmarkene. Dei to veksestadene liknar på kvarandre. Brøyting og rydding, trakk og køyring gir forstyrra og open jord også i vegkanten, med lite konkurranse mellom artane. Det kan tenkjast at urtene burot, geitrams, torskemunn og fleire erteplanter opphavlege voks på skredmarkene, og at dei derfrå spreidde seg til vegkantane.

  • Gravdal, J.; Melkeraaen, K. 1993. Kvit terror. Eit sekund i vestnorsk historie. Januar forlag.
  • Excursion guide. Avalanche problems in the Sørfjorden district. Symposium «25 years of snow avalance research». May 1998. Laga av Norsk Geoteknisk Institutt.