• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Eitrheimsneset med «Zinken», sett frå Tokheim

Eitrheimsneset med «Zinken», sett frå Tokheim. Delar av Eitrheimsvågen er utfylte og omgjorde til golfbane. Dei store betongmurane i framgrunnen er bygde for å leia snøskreda ut til sidene, bort frå husa på Tokheim. (Svein Nord)

I 1908 stod den nye kraftstasjonen i Tyssedal ferdig. A/S Tyssefaldene leverte kraft til karbid – og cyanamidfabrikken som vart bygd i Odda. Det varsla ei ny tid.

Krigsutbrotet i 1914 jaga utlendingane heim frå ferie. Verdskrigen hindra dei i å koma att på nokre år. I mellomtida vart Odda industrialisert. Skjeggedalsfossen, eitt av dei store trekkplaster for reiselivet, vart lagd i røyr. Karbidfabrikken var den gongen utan reinseanlegg, og det sette sitt preg på miljøet. Hotella byrja å merka nedgangen i trafikken, og reisehandbøkene registrerte:

«Odda er malerisk, men skjemmes af Fabrikvirksomhed, som har betat Landskapet al dets Charme».

Hotelleigarane saksøkte karbidfabrikken for «Ulæmpe og Verdiforringelse ved Stank og Røk». Ein hotelleigar fekk medhald frå retten, og då dei andre hotelleigarane vann erstatningssaka først på 1920-talet, var fabrikkane konkurs. Opninga av Bergensbana i 1909 var ei anna årsak til at straumen av reisande no gjekk utanom Odda. Turiststaden var vorten industristad. I dag er også Odda Smelteverk historie og ein mogeleg kandidat til UNESCO’s verdsarv.

  • Vindaugsglas skadd av flussyre frå aluminiumsverket

Industriforureining til luft og sjø

Industriutbygginga i Odda tok til i 1906. Dermed var det duka for ei dramatisk omvelting i lokalsamfunn og miljø. Staden som var kjend ute i Europa for storfelt natur, isbrear, fossefall og rein luft, vart med eitt uaktuell som reisemål for turistar.

 

Luftforureininga frå smelteomnane vart nok langt verre enn dei aller fleste hadde tenkt seg på førehand. Dei høge fjella kring fjordbotnen skjerma mot vind frå dei fleste retningar. Derfor vart den forureina lufta liggjande att nede i dalen. Verst vart det i periodar med kaldt og klårt vêr. Då seig kaldlufta nedetter fjordsidene frå fjellområda og breen, slik at røyken la seg til ro endå nærare bakken enn elles i året.

 

Men det var ikkje berre lufta som vart forureina: Restavfall som ikkje hamna i landdeponi eller gjekk opp i lufta, vart sleppt på sjøen. I 1974 konstaterte ein lokal miljøvernkomité at fjordvatnet, blåskjel og fisk var forureina, og sjøbotnen inst i fjorden var mest utan liv. Kulturjord og matplanter langs den indre delen av Sørfjorden hadde høge nivå av tungmetalla kvikksølv, bly, kadmium, kopar og fluor.

 

Den største forureiningskjelda til fjorden var utslepp av tungmetallhaldig slam (jarosit) frå Norzink, men også DNN Aluminium og Odda Smelteverk brukte sjøen som dumpeplass for miljøgifter. I 1970-åra sleppte Norzink ut nesten 600 tonn avfallsstoff pr. døgn. Av dette var over 10 tonn tungmetall, mest sink og bly.

 

I 1979 slo statlege miljøstyresmakter fast at Sørfjorden var eit avdei mest forureina sjøområda i verda. Same året vart det sett i gang eit statleg program for overvaking av forureiningane. Betongdammar vart bygde utom dei gamle landdeponia i Eitrheimsvågen. Over sjøbotnen vart det lagt duk som så vart dekt med massar. Den første fjellhallen for deponering av tungmetallhaldig slam var ferdig i 1986. Norzink må no byggja ein ny hall om lag kvar 14. månad. Dei uttekne steinmassane blir tippa på sjøen på stader der det ikkje er fare for at dei skal utløysa undersjøiske skred. Med unntak av utfyllinga då Ullensvang hotell vart utvida i 2000, har det ikkje vore marknad for steinmassane. Den svarte kalken – som er eit tungmetallhaldig avfallsprodukt frå smelteprosessen – blir no reinsa og resirkulert. Dette biproduktet nyttar bøndene på Voss og andre stader for å få fart på snøsmeltinga om våren, samstundes som det kalkar jorda. Kalken gjer òg teneste som ein påskundar av snøsmeltinga på vinterstengde vegar, mellom anna på riksveg 7 over Hardangervidda.

 

Luftkvaliteten er i dag langt betre enn tidlegare, men spora etter forureininga vil ikkje bli heilt borte på mange tiår enno. På stader som vart utsette for store røykutslepp, skjedde det store økologiske endringar. Men naturen tek det tapte terrenget tilbake: Nye furutre veks no opp der dei gamle trea tidlegare bukka under. Og forureiningsfølsamt lav kan ein rekna med har betre vilkår no enn på lenge – sjølv om det tek lang tid å ta tilbake dei gamle vekseflatene. Med bylav er det litt annleis – denne lavarten krev faktisk forureina luft. Derfor er arten i fylket berre kjend frå Odda og Bergen.

  • Kart over konsentrasjonen av tungmetall i sedimenta på botnen av Sørfjorden og Hardangerfjorden i 1984

Kart over konsentrasjonen av tungmetall i sedimenta på botnen av Sørfjorden og Hardangerfjorden i 1984. Forureininga kunne målast heilt til Valevåg i Sveio, 150 kilometer frå Odda. Sjølv om utsleppa no er kraftig reduserte, ligg tungmetalla att i sedimenta.

«Smeltedigelen». Ein av omnane ved smelteverket.

  • Storaas, R.; Skei, J. 1996. Ei miljøhistorie frå Sørfjorden. Vestnorsk industristadmuseum.