• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Odda kring 1900, med det andre Hotel Hardanger

Odda kring 1900, med det andre Hotel Hardanger, bygd i 1896 (Knud Knudsen, eigar: Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (KK 549(21x27))).

Pionerturistane i 1830-40 åra sette fart i turismen til fjord- og fjellandet Noreg. På den tid var Odda ein bortgøymd idyll i botnen av Sørfjorden: garden og kyrkja på den grøne odden ved fjorden. Men då dampskipsferdsla opna fjordlandskapet for turismen, vart Odda sokn i Søndre Bergenhus Amt på få år midtpunktet for reiselivet på Vestlandet.

Turismen, som sesongarbeid og attåtinntekt, vart ei ny inntektskjelde for bygdefolket. Denne høgkonjunkturen i reiselivet varte fram til utbrotet av verdskrigen i 1914. I 1904 hadde Odda 83 anløp av utanlandske turistskip; i alt 12 000 turistar kom sjøvegen. Reiselivet skaut for alvor fart då ruta mellom Newcastle og Bergen opna i 1890. I desse åra utvikla tettstaden Odda seg raskt og vart godt utrusta med hotell: «Hotel Hardanger», «Grand Hotel», «Hotel Odda», «Hotel Folgefonn», «Hotel Låtefoss» og «Buer Hotel». Eit nytt «Hotel Hardanger» vart opna i 1896, etter at det gamle brann ned. Det var ein av dei største trebygningane i Noreg; prydd med treskurd av Lars Kinsarvik og veggmåleri av Nils Bergslien. Seinare, frå 1917, var dette hotellet rådhus i Odda i mange år, til det vart rive i 1977. Både engelskmenn og tyskarar sette sitt preg på turistmiljøet i Odda desse åra; dei siste i kjølvatnet, bokstaveleg tala, av keisar Wilhelm II og «Hohenzollern», som var årviss gjest i Hardanger frå 1889-1914.

Strandstaden Odda talde i år 1900 27 bustadhus og 285 personar: hotellvertar, handelsmenn, handverkarar og skyssarar. Alle aldersgrupper tok del i turistnæringa. Amtmannen i Søndre Bergenhus Amt skriv i 1905 at det ikkje finst nokon statistikk som viser kva turistferdsla har å seia for distriktet, men det dreiar seg om store summar.

 

  • Odda i 1908

Odda i 1908, same året som produksjonen starta ved karbid- og cyanamidfabrikken (foto: Knud Knudsen & Co., eigar: Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (KK pk 150)).

  • Andersen, A. & Haug, I. red. (1989) Smeltedigelen: en industrisaga: Odda smelteverk gjennom 80 år. Odda.
  • Kolltveit, O. (1976-1977) Hotel Hardanger i Odda frå vogga til grav. I: Hardanger. [Utne], Hardanger historielag, s. 132-153, 257-289.
  • Madssen, S-Y. (1984) Norzink AS i Odda: den klareste flammen i «ildens by» 1924-1984. Odda.
  • Myklebust, H. (1981) Dagleg liv på Hotel Hardanger kring hundreårskiftet. I: Hardanger. [Utne], Hardanger historielag, s. 390-400.
  • Rokne, A. (1974) Odda Smelteverk A/S i femti år 1924-1974. Odda.