• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Opo

OPO – ELVA SOM IKKJE GREIER Å GRAVA SEG DJUPARE NED

Elva Opo i Odda har eit fall på 88 meter på dei to kilometrane frå Sandvinvatnet til Sørfjorden. Dette er brattare enn dei fleste andre vestlandselvar som renn gjennom lausmassar på veg til fjorden. Eio i Eidfjord har til dømes berre 19 meter fall på like lang strekning. Årsaka er at Opo der Eidesfossen kastar seg utfor, renn over enorme steinblokker som ligg stabilt på elvebotnen, sjølv under dei største vårflaumane. Men kvifor ligg dei der?

For vel 11 000 år sidan vart det avsett eit delta framfor breen. Havet stod 92 meter høgare enn i dag, slik at deltaet gjekk ut i Sørfjorden ved Eide, der stadion ligg, og heilt fram til kyrkjegarden. Breen rykte så fram og avsette morenen med dei store steinane oppe på deltaet. Litt seinare skuva breen saman den markerte moreneryggen som no utgjer Hovden – med masta på toppen, og som demmer opp Sandvinvatnet. Turvegen langs nordenden av vatnet går framom ei 12 meter høg moreneblokk. Ho sprakk rett nok i to lenge etter at breen la frå seg den om lag 2500 tonn tunge steinen.

Etter istida steig landet, og Opo prøvde å grava seg gjennom morenen og deltaterrassen. Elva kom til kort då ho freista frakta med seg dei enorme steinane. Hadde ikkje breen avsett morenen med steinkjempene oppe på deltaterrassen, ville Oddaområdet sett annleis ut. Elva ville skore seg ned og senka Sandvinvatnet. Nede i Odda ville dalen til Opo ha vore mykje djupare.

  • Kart over Opo med terrassar og steinblokker.

Kart over Opo med terrassar og steinblokker.

  • 12 meter høg moreneblokk

Turvegen langs nordenden av Sandvinvatnet går framom ei 12 meter høg moreneblokk. Ho sprakk rett nok i to lenge etter at breen la frå seg den om lag 2500 tonn tunge steinen. (Svein Nord)