• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Elvesletta innanfor Sandvinvatnet

Elvesletta innanfor Sandvinvatnet. (Svein Nord)

FUGLELIV PÅ ELVESLETTA

Det er ikkje godt å vita korleis tilhøva er på hekkeplassen når ein er langt vekke på vinteropphald – kanskje i Frankrike eller ved Middelhavet. På Sandvin kan fuglar som har kome til landet ei veke for tidleg, slå seg til ro og venta på at snøen i fjellet eller på heimebøen skal smelta.

Sandvinvatnet og elvesletta innanfor er ei av dei svært få lågareliggjande ferskvassvåtmarkene i kommunen. Sidan vatnet og sletta òg ligg sentralt i hovuddalføret, søkjer mange fuglar på gjennomtrekk ro og kvile på desse våtmarkene.

Når vipa kjem til Odda i mars, er det gjerne på Sandvin dei første fuglane slår seg til. Slik er det òg for heilo og andre fuglar som hekkar på Hardangervidda. Vatnet i Opo er kaldt og ikkje spesielt rikt på næring, men elva fører heile tida med seg organisk materiale frå eit større område. I strandkanten samlast mykje av næringa, og her kjem fuglane jamleg for å eta.

Tilsvarande er åkrane og slåttemarka attraktive område for fuglar på hausttrekket. Når flokkane med gråtrast og raudvengtrast har ete opp bærforrådet i fjellet, stoggar dei gjerne ei tid ved Sandvin for å dra opp meitemakk eller reinska rognetrea for bær. Dei treng norsk naturkost før dei skal kryssa Nordsjøen og vera ein heil vinter i Storbritannia eller på Kontinentet.

15. mai 1981 var ein merkedag for den lokale ornitologen Rune Voie. Han gjekk ein tur ved Sandvin før kveldsskiftet på Norzink, og hadde eigentleg ikkje tanke for anna utbyte av turen enn frisk luft. Likevel hadde han fotoapparat med, og då ein ukjend fargesprakande fugl landa rett framfor han, fekk han teke nokre gode bilete. Det skulle visa seg at dette var den aller første kvitstrupenattergalen som var sedd i Noreg – og også ein av dei første observasjonane i heile Europa. Arten hekkar nærast oss i det tyrkiske høgfjellet.

  • Kvitstrupenattergalen

Kvitstrupenattergalen ved Sandvin, 1981. (Rune Voie)