• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ringedalsfossen inst i Skjeggedalen

Ringedalsfossen inst i Skjeggedalen – ein av dei sjeldne gongane fossen viser seg i alt sitt velde. Dette var eitt av dei vakraste fossefall i Noreg (Svein Nord)

Den Norske Turistforening (DNT) bygde vegen til Skjeggedal som rideveg i åra 1898-1904. Det var DNT sitt største vegprosjekt til då. Fossane i Skjeggedal var store turistattraksjonar som DNT sidan fekk freda for kraftutbygging. Merket til DNT, måla i gull og raudt, vart hogge inn i fjellveggen ved Rjukandefossen. Det er 2,5 m høgt og enno godt synleg.

Turistvegen er bygd på sørsida av dalen. Han går gjennom lauvskog og store urder under den dramatiske fjellsida og stig brått i hårnålssvingar ved Rjukandefossen. Utsikten ned i juvet her er sugande. På Svelgarhaugen var det i turisttida kafédrift; vi ser her spor etter husmurane. Ved Lonena fører ei fin og solid trebru over elva til bilvegen. Brua er rehabilitert. Vegen vidare går om lag langs same trasè som turistvegen og gangvegen tidlegare. Fram til 1932 var dette den einaste kjerrevegen til Skjeggedal. All transport til damutbygginga gjekk på taubaner og langs denne vegen.