• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Maurløva

MAURLØVER

Maurløva høyrer til dyregruppa nettvengjer. Larven til denne insektarten har ein spesiell teknikk for å skaffa mat: Han grev ei trekt i sanden og plasserer seg sjølv i trektenden. Maur, biller og andre småkryp som ramlar oppi denne trekta, blir nådelaust bytte for maurløvelarven.

I Noreg var denne arten først berre kjend frå Søraustlandet, men i 1936 fann læraren Ole B. Lundetræ ein isolert førekomst under ein stor framstikkande stein på Djønno. Lokaliteten vart undersøkt på ny i 2000. Då var steinen sprengd vekk, men ein fann nokre få larvetrekter ein annan stad på Djønno.

Sidan er slike isolerte førekomstar av maurløve òg påviste i Indre Sogn og i Romsdal. Maurløvene er dårlege flygarar, og larvane er temmeleg stadbundne. Arten har derfor lita spreiingsevne. Truleg utgjer desse indre fjordfunna restar av ei større utbreiing frå ein tidlegare varmeperiode.

  • Greve, L. 1966. Våre maurløvearter og deres utbredelse i Norge. Fauna 19:26–30.
  • Lundetræ, O. B. 1938. Maurløven (Myrmeleon formicus) funnet i Hardanger. Norsk Entomologisk Tidsskrift: 107 s.