• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frå Espe, Sekse og Lofthus kom ein opp til dei sentrale driftevegane over Hardangervidda

Frå Espe, Sekse og Lofthus kom ein opp til dei sentrale driftevegane over Hardangervidda (A. B. Wilse, eigar: Norsk Folkemuseum (W 20994)).

HESTEHANDLARAR OG DRIFTEKARAR

Ei av dei gamle slepa over Hardangervidda går opp frå Espe. Her har det vore hestehandlarar i mange generasjonar. Slepa over vidda – namnet tyder rett og slett «spor» – går attende til forhistorisk tid. Jern frå Telemark til vikinghovdingar i vest, hestar frå Hardanger, talg til sølvgruvene på Kongsberg – gjennom mange hundreår var Hardingslepa og søre Nordmannsslepa viktige transportårer. Driftekarane på 1700- og 1800-talet reiste gjerne i store flokkar med hestar eller med storfe, som fekk gå og beita i fjellet før dei vart førte til marknadsplassane austpå. Det var fleire gardar enn Espe ferdakarane tok ut frå: Odda, Sekse, Opedal, Huse, Tveisme, Bu, Eidfjord og Sima. Alle kom dei opp stølsvegane, frå ulike kantar: sørfjordingar, eidfører, ulvikar, vossingar og sogningar. I seinare hundreår var Søndre Nordmannsslepa austover frå Hadlaskard ein av hovudvegane.

Då den nye vegen over Haukeli kom på slutten av 1800-talet, stilna trafikken over Hardangervidda av.