• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Tveitafoss kraftverk

LAKSEN I KINSO

Den lakseførande strekninga i Kinso er berre 4,5 kilometer. I 1923 vart det bygd ei laksetrapp, men ho er for lengst vekke. I perioden 1969–1998 vart det i gjennomsnitt fanga 41 sjøaurar og 19 laksar i året, og gjennomsnittsvektene har vore høvesvis 1,3 og 4,9 kilo. Tala er ikkje så store, men i det minste har ikkje oppgangen av fisk svikta i nyare tid. Elva har heller ikkje noko forsuringsproblem – pH-verdiane i mars 1999 var tett oppunder 7,0, og vatnet inneheld mykje kalsium. Elva har ein god bestand av døgnfluga Baëtis rhodani, som er kjend for å vera særs var for forsuring.

Storleiken på lakseungane i Kinso skulle tilseia at laksen tok til å vandra ut i sjøen som smolt den tredje våren. I mange elvar skjer dette tidlegare, men i Kinso finst jamvel nokre skikkelege veteranar mellom desse «ungane». Det er faktisk påvist ekstra heimekjære lakseungar, som var opptil 8 år gamal. Kvifor somme fisk først forlèt elva etter så lang tid, er uvisst.

Mesteparten av Kinso sitt 282 km² store nedbørsfelt ligg inne i Hardangervidda nasjonalpark. Heile vassdraget er no varig verna mot vidare kraftutbygging, men Tveitafoss kraftverk har vore i funksjon sidan 1917. Denne kraftreguleringa har ingen innverknad på fisket. I Vivippo, ei sideelv til Kinso, ligg eit uvanleg forseggjort minikraftverk.

  • Urdal, K. 2003. Analysar av skjellprøvar frå sportsfiske- og kilenotfangstar i Hordaland 2002. Rådgivende Biologer, rapport 657.