• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Oksen

OKSEN – EIT VÊRMERKE

«Når Oksen har hatt, vert det regn i natt; når Oksen har trøya, må du ut og høya,» sa dei gamle i Ullensvang. Fjellet Oksen ligg sentralt og synleg frå store delar av dei fire fjordarmane i Indre Hardanger og er knytt til talrike vêrmerke. Mange av desse merka har ei enkel fysisk forklaring, som knyter seg til vêromslag om sommaren. Då kjem det inn frå vest fuktig og kjølig luft i høgda. Den varmare lufta – som stig opp frå fjorden langs fjellsida – blir brått avkjølt, slik at det lagar seg låge tåkeskyer. På kort sikt er derfor slike vêrmerke nokså sikre.