• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Skredhaugen
  • Seksebua på Skredhaugen

Sengebua frå Sekse

Den velbygde sengebua som i dag står på Skredhaugen, kjem frå eitt av bruka på Sekse. Bua vart bygd på midten av 1800-talet, og på ei av sine mange målarferder til Hardanger, har Thomas Luraas vore på Sekse og måla senger, dører og listverk i denne bua i sin lett kjennelege stil. Sengebua var ein bygning som eigaren gjerne la litt kostnad i. Dette var gjesterommet i huset; her hadde dei kister og stasklede.

 

Det har stått mange slike sengebuer i vestlandsbygdene; få av dei er så oversådde med dekor på vegger og tak som oppstovene i Telemark. Og det var nok ikkje fordi bøndene på fjellgardane i Telemark hadde betre råd enn bøndene i Hardanger og Sunnhordland. Her kjem forskjellen i kultur og tradisjon inn. Skikken i fjordbygdene på Vestlandet, «røykstovebygdene», var ein annan enn i fjellbygdene i Telemark.