• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ullensvang

Catharine Kølle: «Ullensvang». Sannsynlegvis frå 1820-åra (Helge Sunde, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (22,1x28,9, B2436 f)).

Ullensvang kyrkje som ligg ved sida av prestegarden, i idylliske omgjevnader på neset like innanfor Lofthus, er nemnd første gong i skriftlege kjelder i 1309. Då må den noverande gotiske steinkyrkja ha vore ny. Etter stilen i vestportalen og det austre korvindauga å dømma må kyrkja vera bygd kring 1300 eller litt før, truleg av handverkarar frå Bergen som har vore påverka av engelsk gotikk.

Tidlegare har det stått anten ei stavkyrkje eller ei mindre steinkyrkje her. Opphavleg var skipet kortare og utan tårn. Ved ei «restaurering» i 1883-84, leidd av domkyrkjearkitekt Chr. Christie, vart skipet lengd med 5,5 meter og det vart bygt til eit vesttårn. Den gamle vestportalen vart flytta ut i den nye tårnfoten. På kyrkjeloftet ligg veggtiler som viser at kyrkja må ha vore vakkert prydd innvendig kring midten av 1600-talet.

Fleire gravsteinar, nokre frå mellomalderen, er reiste mot veggmuren ved det nordre sakristiet. To av dei har innskrifter som kan lesast. På den eine står det: «her: hvilir: sira: ogmvdr: kàra: son: er: hans: Àrtid: VII: nato: eptir: festvmat: bidir: f: hanom». (Her kviler Sira Ogmund Kåreson. Hans årtid (dødsdag) er 7 netter etter Matthias festdag (21. september). Be for han.).

På den andre står det: «her: hvilrir: herra: sygyrdr: er: var: gula: tings: lo: madr: sonbryniolfs: a: aga: hans: Àrtid: er: prim: nottom: firir: michalmesso». (Her kviler herr Sigurd som var gulatingslagmann, son av Brynjulf på Aga. Hans årtid er 3 netter før mikkelsmesse (29. september).

  • "Munkatreppene" på fjellstigen opp frå Lofthus.

«Opedalsklosteret» og Munkatreppene

  • Hertzberg, N. (1909) Fra min barndom og ungdomstid 1827-1856. Christiania.
  • Hertzberg, N. (1929) Prost Nils Hertzbergs reisebok ført på Ullensvang Prestegård 1806-1841. I: Den Norske Turistforenings Aarbok. S. 14-27.
  • Olafsen, O. (1911) Klosteret i Opedal. I: Hardanger. [Utne], Hardanger historielag, s. 47-52.
  • Olafsen, O. (1932) Kirken i Opedal. I: Hardanger. [Utne], Hardanger historielag, s. 30-36.
  • Opedal, H. O. (1968) Hardingar på sjøen: ferdsle i fjordane og langs kysten.
  • Storaas, R. (1991) Lykkens prøve: om hardingar på sjøen. Norheimsund.