• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frå Kinsekvelven mot Kinsevatnet og Veivatnet

Frå Kinsekvelven mot Kinsevatnet og Veivatnet. (Svein Nord)

FJELLHAGEN

Frå Kinsekvelven og innover mot Veivatnet kan vi vandra gjennom eit av Hardangerviddas mange grøderike område. Her veks ei rekkje kravstore planter, og det er rikeleg med fugl og fisk. Vi kan takka eit kalkrikt jordsmonn for mangfaldet.

Når reinrosa står i fullt flor i byrjinga av juli, er marka kvitt i kvitt, som ein fjellhage å sjå til. Det er vel verdt å bruka god tid i denne hagen, for det veks òg mykje anna på dei skifrige fyllittknausane. Den vesle rabbestorren er ikkje god å få auga på. Han er elles funnen berre nokre få stader. Denne austlege planta finst ikkje på fjell som ligg vest for Hardangervidda. Ei rekkje fjellplanter på kalkheiane ved Veivatnet har ei liknande utbreiing: skredarve, reinmjelt, snømure, fjellfiol, bleikmyrklegg og fleire andre. Ein stor del av Hordalands fjellplanter veks i dette området.

Det gode jordsmonnet gjer at også vasskvaliteten i ferskvatna er betre enn vanleg på vidda. I både Veivatnet, Onkjelsvatnet, Holmavatnet og lenger nede ved Stavalivatnet lever krepsdyret marflo. Marflo gir næringsgrunnlag for små hekkebestandar av alpine dukkender, som bergand og svartand. Men han er òg omtykt av fjellauren, som kan bli storvaksen i fleire av vatna i området. Det hjelper òg på storleiken at det blir fiska med garn,slik at det ikkje blir for mykje fisk i vatnet.

Heilo finst mest overalt i heia. I meir fuktige drag og nær vatna har myrsnipa gode vilkår, medan artar som boltit og lappsporv held seg helst på tørrare grunn. Dette landskapet er det vestlegaste hekkeområdet i Europa for lappsporven. På meir steinete høgdedrag spelar fjøreplytten opp, og somme stader er det mykje fjellrype.

I fyllitten er det førekomstar av bergkrystallar – glasklar kvarts. Stein og mineral er freda i nasjonalparken, til liks med dyr og planter.

  • Rabbestorr

Rabbestorr. (Bjørn Moe)

  • Bleikmyrklegg

Bleikmyrklegg. (Jan Rabben)

  • Heilo

Når våren kjem på vidda, medan snøen ligg i bakkehallet, kjem heiloen, fjellvandrarens følgjesvein, tilbake frå vinterresidensen. (Jan Rabben)

  • Bruton, D. L.; Harper, D. A. T.; Grunby, I.; Naterstad, J. 1984. Cambrian and Ordovician fossils from the Hardangervidda Group, Haukelifjell, southern Norway. Norsk Geologisk Tidsskrift 64:313–324.
  • Riis, F.; Jorde, K. 1978. Geologisk kart over Norge, berggrunnskart Hårteigen – M 1:50.000. Norges geologiske undersøkelse.