• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Åkre har vore råka av mange skred. På biletet frå 1914 er det vår, og snøen er smelta, berre skredet ligg att.

Åkre har vore råka av mange skred. På biletet frå 1914 er det vår, og snøen er smelta, berre skredet ligg att.

ÅRVISSE SNØSKRED

Sør for Velure stuper fjellsidene frå 1500 meters høgd rett ned i Sørfjorden. Ingen stader langs fjorden går snøskreda så ofte som her.

Langs fjellkammen frå Vardanuten og nordover mot Rundenuten byggjer det seg opp store snøskavlar med vestavinden, særleg med nordvesten. Når skavlane losnar av si eiga tyngd, eller på grunn av omslag til mildvêr, sopar dei òg med seg snøen i fjellsida ned mot fjorden. Krafta i skreda kan bli enorm, og snømengdene nede ved fjorden kan vera så store at det kan liggja skredsnø til langt ut i august. Skog klarar naturleg nok ikkje å veksa opp i skredbanene.

Skredene har eigne namn, frå sør mot nord blir dei kalla Lindeskreda, Bersåsskredene, Kveldsflotskreda, Nesåskreda og Svinaskreda. Sjølv om riksvegen for lenge sidan har fått skredoverbygg, har det hendt at litt av skredsnøen har gått utanom og stengt vegen.

  • Snøskred over vegen på Velure i 1960

Snøskred over vegen på Velure i 1960 – her er det laga opning ved hjelp av sjøvatn.

  • Velure

Vår på Velure. Dei bratte fjella sør for bygda er kjelde for årvisse snøskred.

  • Gravdal, J.; Melkeraaen, K. 1993. Kvit terror. Eit sekund i vestnorsk historie. Januar forlag.