• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Finsefjell: Frå Jomfrunuten mot Kongsnuten og Jøkulen. Bergensbana nede i framgrunnen

Finsefjell: Frå Jomfrunuten mot Kongsnuten og Jøkulen. Bergensbana nede i framgrunnen. (Svein Nord)

Motstandarane av Bergensbana brukte snøargumentet for alt det var verdt. Under stortingsdebatten før vedtaket om trasévalet i 1894 vart det skremt med snødjupner på over 20 meter.

Men bane vart det – og traseen vart stukken ut mykje på grunnlag av snømålingar. Dei første systematiske målingane vart gjorde under planlegginga av bana i 1880-åra. Alt før arbeida tok til,var det klart at snøen ville bli den største utfordringa, både under anlegget og ikkje minst under drifta av jernbana. Langs alle dei aktuelle traseane vart snødjupna målt på faste stikker, gjennom mange vintrar. Arbeidet vart leia av ingeniørane ved Statsbana og utført av lokale fjellbønder. Fleire steinbuer vart bygde for å letta arbeidet. Seinare gjorde ein òg snømålingar i samband med planlegginga av snøskjermar langs traseen. Nokre av resultata kan vi i dag studera på Rallarmuseet på Finse.

Etter kvart som elvane frå Hardangervidda vart utbygde, starta òg nokre av kraftverka snømålingar. Målingane skjer i magasinområda før smeltesesongen tek til, vanlegvis like etter påske. Føremålet er å vurdera kor mykje smeltevatn kraftverket vil få som tilsig til magasina utover våren og sommaren. Dette influerer så på driftsplanlegginga. I den skjerpa konkurransen kraftverka imellom er slike snødata ein viktig forretningsløyndom.

Middel snødjupne på flat mark minkar frå over 2 meter til vel 1 meter frå vest mot aust på Vidda. Endå lenger austover, i Buskerud fylke, minkar den normale snødjupna til under 1 meter. Målingane viser store variasjonar frå vinter til vinter, avhengig av dei dominerande meteorologiske tilhøva gjennom snøsesongen. I typiske vestavindsvintrar er alltid snømengdene størst på Vestvidda. I vintrar med mykje søraustleg og austleg vindretning kan skilnadene vera små. Ulvik har noregsrekorden i største målte snødjupne på flatmark:585 centimeter ved fjellet Grjotrusti 3. april 1918.

  • Folk i arbeid med snøen. Bergensbana mellom Myrdal og Finse blir spadd fram vinteren 1908

Folk i arbeid med snøen. Bergensbana mellom Myrdal og Finse blir spadd fram vinteren 1908. (Anders Beer Wilse)

  • Frå Stortingsproposisjon nr.1 1890: Tabell over snødjupner etter snømålingar langs den planlagde jernbanetraseen i 1880-åra

Frå Stortingsproposisjon nr.1 1890: Tabell over snødjupner etter snømålingar langs den planlagde jernbanetraseen i 1880-åra. Snømålingane vart utførte av lokalkjende fjellbønder gjennom fleire år. Bøndene overnatta ofte i telt, men det vart òg bygt fleire steinbuer innover fjellet for å letta det tunge arbeidet.

  • Bach T.; Gjerdåker J. 1992. Rallarvegen. Kulturhistorisk vegvisar for høgfjellsvegen langs Bergensbana. Cappelen.
  • Bygdebok for Ulvik. Bd. I. 1987.