• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Det er langt fleire fastbuande på Finse enn banevaktaren og hotellsjefen. Faktisk har ei stamme med gråsporv hatt tilhald i stasjonsområdet i ei årrekkje. Tidleg på 1990-talet hekka jamvel den sjeldne svartraudstjerten på Finse.

Like nedanfor Finsevatnet ligg dei irrgrøne Finsefetene, med ein god hekkebestand av den vesle temmincksnipa. Vanlegvis reknar ein fuglebestandar i talet på par, men slikt er uråd for desse snipene. Bigami er nemleg utbreidd hos begge kjønn. Hoa legg først eit kull på fire egg, som hannen tek på seg å ruga ut. Så parar ho seg med ein ny make, og det siste eggkullet rugar ho ut. I teorien kan det bli mange etterkomarar av slikt, men med så hektisk livsførsel er det neppe grunn til å tru at temmincksniper flest blir særleg gamle.

Ikkje mange vatn på Hardangervidda har andre fiskeslag enn aure, men i Finsevatnet er røya talrik. Ho er lita, men grei nok i steikjepanna. Røya kom til Finse ved eit uhell. Då fiskeriinspektør Birger Aagaard under ein røyetransport kring 1910 skulle skifta vatn på røyeyngel ved Ustevatnet, miste han nokre av dei uti. Dette vart grunnlaget for ein røyebestand som sidan har spreidd seg oppover Ustekveikja til Finsevatnet.

Temmincksnipa

Temmincksnipa (Stein Byrkjeland)

Svartraudstjerten

Svartraudstjerten (Jan Rabben)

  • Breiehagen, T. 1989. Nesting biology and mating system in an alpine population of Temmick’s Stint Calidris temminckii. Ibis 131:389–402.