• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Embetsgarden på Holmen måla av Catharine Kølle
Holmen i Uldvig, embetsgarden på Holmen måla av Catharine Kølle. Utan år (foto: Helge Sunde, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (B 2433c(28x41,2))).

HOLMEN OG KØLLEFAMILIEN

Holmen ligg nede ved fjorden, inst i Ulvikpollen. Opphavleg var dette ein liten husmannsplass eller strandsitjarstad under garden Håheim. Major Johan Henrik Palludan fekk festebrev på ein del av Holmen i 1773, og sette seg opp eit standsmessig hus, som sjef for Nordre Hardangerske kompani. I 1806 selde fru Palludan Holmen til den litt eksentriske teologen og privatskuleeigaren Kristian Kølle, og såleis kom Køllefamilien til Ulvik. I dag er Køllehuset i Holmen borte; det er rektorbustaden ved Statens gartnarskule som rår grunnen – ein drakestilsvilla frå hundreårsskiftet.

Embetsmannsgarden på Holmen var ramma kring eit roleg og tilbaketrekt liv for den forsiktige Kristian Kølle og dei tre døtrene hans, Catharine Hermine (1788-1859), Helene Johanne (1795-1877) og Ambrosia (1796-1855). Dei overtok Holmen etter faren i 1814 og vart buande i Ulvik all sin dag. Dei hadde flittige hender, dei sauma bringeklutar til bunader og kom vêl ut av det med bygdefolket. Dei gjekk under namnet "Holmajomfruene". Catharine merkte seg mest ut av dei; «Noregs første kvinnelege turist». Med sekk og stav vandra ho rundt i Skandinavia og Europa; ho førte dagbok på reisene sine og tok skisser i skisseboka si. Heime i Ulvik arbeidde ho ut vakre, kolorerte prospekt, minutiøst nøyaktige og detaljerte (Storegraven og Granvin kyrkje, Helleland, Ullensvang, Eidfjord kyrkje, Hesthammer); ein av våre fremste topografiske landskapsportrettørar på 1800-talet.

  • Bygdemølla i Ulvik

Den gamle bygdemølla i Ulvik er i dag sett i god stand (Svein Nord).

  • Ryall, A. & Veiteberg, J. (1991) En kvinnelig oppdagelsesreisende i det unge Norge: Catharine Hermine Kølle . Oslo, Pax.