• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frå skråninga framfor Nordrenut. Finsevatnet og Hardangerjøkulen i bakgrunnen

Frå skråninga framfor Nordrenut. Finsevatnet og Hardangerjøkulen i bakgrunnen. (Helge Sunde)

LIVSENS KALK PÅ NORDRENUT

Det må ha teke lang tid for sniglane på Finse å komma seg til fjells, seks artar er funne så høgt som 1470 m oh. For dei snigleartane som har ytre skal, er kanskje ikkje fjellklimaet det største problemet. Verre er det truleg å finna ein stad med tilstrekkeleg kalk i jordsmonnet til danninga av skalet.

Derfor held snigelen på Finse helst til i sør- og vestvende skråningar inntil kalkrikt fyllittberg, der det gjerne veks vier og frodige høgstaudar. Nordrenut er ein slik stad, og dertil ein kjend forskingslokalitet. Alle snigleartane på Finse er å finna på Nordrenut.

Ein sniglegenerasjon er gjerne lenger i fjellet enn i låglandet. Arten Vitrina pellucida har ein eittårig livssyklus i låglandet, det vil seia at alle fasar, frå egg til larve og vakse individ, blir unnagjorde på eitt år. I høgfjellet er livssyklusen toårig, kanskje òg treårig somme levestader, eller i ugunstige år, med låg temperatur. Dette er ei tilpassing til kort vekstsesong og knappe livsvilkår elles, ein vanleg strategi mellom dei virvellause dyra i høgfjellet.

  • Fjellrev

Fjellrev

Fjellreven var tidlegare vanleg ved Finse og elles på Hardangervidda. I Ulvik lensmannsdistrikt vart det i lemenåret 1887 utbetalt skotpremie for 137 revar; av dei var 126 fjellrevar. Fjellreven vart freda i Noreg i 1930. Like fullt vart nokre dyr framleis felte. I perioden 1960–75 skaut dei minst 8 dyr i Finseområdet, og samstundes køyrde toget på 10 fjellrevar i dette området.

 

Då Låghellertunnelen vart bygd i 1993, var ein fjellrev fast gjest i brakkelandsbyen. Det vanka mang ein godbit frå anleggsarbeidarane i knappe tider. Knappe tider har fjellreven på Finse hatt lenge – dei siste fjellrevane på Finse ville neppe greidd seg om dei ikkje hadde patruljert jernbanelinja på jakt etter søppel som vart kasta ut or toga. Etter at vognene har fått lukka toalettanlegg, har mattilbodet vorte ytterlegare redusert. I dag har Finse inga fast stamme av fjellrev lenger, og arten blir rekna som det mest truga pattedyret i Noreg. (Roar Solheim)

  • Pedersen, Ø.; Østbye, E. 1982. Trekk fra fjell- og rødrevens økologi. I: Østbye, E.; Mysterud, I. (red.). Høyfjellsøkologi — en innføring til kursbruk. UiB og Univ.i Oslo.
  • Solhøy, T. 1969. Finseområdets terrestre molluskfauna. Fauna 22:207–214.