• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Osa og Osafjorden

Osa og Osafjorden (Svein Nord)

KULTURLANDSSKAPET I OSA

I botnen av Osafjorden ligg eit kulturlandskap prega av store kontrastar; dei vide terrassane og elvedeltaet ved fjorden mot dei bratte liene i bakgrunnen, der Norddalen fører til fjells. To gardar ligg her, Osa og Sævartveit – garden ved elveosen og tveitet ved sjøen.

Heile 14 husmenn hadde Osa i 1875; over halvparten av gardbrukarane her inne var husmenn. Det overraskar oss kanskje i dag å sjå kor mange menneske dette landskapet kunne livberga. Kvart grasstrå vart sanka, utslåttene låg i steinurder og på fjellhyller, og alle brukande tre vart lauva. Det er denne omhugsame utnytting av alle ressursar som har skapt kulturlandskapet i Osa.

I ingeniørbustadene etter Osa Fossekompani, eit kortvarig krafteventyr 1915-26, er «Hjadlane Galleri for Samtidskunst» etablert.

  • Målari av Lars A. Osa

Mor. Målari av Lars A. Osa, 1900 (Egil Korsnes, i privat eige).