• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

bergmynte

VARMEKJÆR FLORA

I indre delen av Osafjorden stuper fjellsidene nesten tusen meter rett i fjorden. Den tronge fjorden gjer stupa ekstra dramatiske. Stabil jord er det ikkje særleg rom for i brattlendet, det er svaberg og steinur som dominerer landskapet. Under slike tilhøve er det vanskeleg for skogen å finna feste. Dermed får sola godt tak i bakken. Fordi fjordsida vender mot sør og søraust i eit område med varmare sommarklima enn det som er vanleg på våre kantar, blir det både varmt og tørt i skråningane. Her trivst derfor ei rekkje varmekjære artar som helst finst på Austlandet. Knapt nokon annan stad i fylket veks det så mykje bergmynte (over), tjøreblom, mørk kongslys (under) og andre artar knytte til tørre berg og bakkar. Beste tida å sjå denne floraen på er tidleg på sommaren, før midten av juli. Då prydar dei fargerike blomane vegkantane i Osa. På seinsommaren har plantene gjerne visna, spesielt i tørre år.

  • Mørk Kongslys

Mørk Kongslys (Bjørn Moe)