• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Breelvsletta ved Klevavatnet

Breelvsletta ved Klevavatnet. (Inge Aarseth)

GEOLOGIEN LANGS RALLARVEGEN

Dei kviler der, alle som ein, dei tause vitna om Vestlandets skapingssoge: grunnfjellet, fyllitten og skyvedekka. Til slutt kom breane og skulpturerte det store landskapet. Langs bakken eller i synsranda, frå sykkelsetet eller til fots – landskapet fortel si eiga soge – og det gjer ho klårare langs Rallarvegen enn mange andre stader.

Vegen held seg langt nede i dalsidene, der grunnfjellet for det meste rår. Lenger oppe er grunnfjellet omkransa av fyllitt, og over fyllitten ligg skyvedekka, mellom anna i Hardangerjøkulen, Hallingskarvet og Storskavlen.

Frå Finse og til Hallingskeid dominerer den særeigne finsegranitten grunnfjellet. Ovanfor Hallingskeid ligg granitten avspylt og naken. I dette området la ikkje isen etter seg mykje lausmassar då han smelta vekk for om lag 10 000 år sidan. På slutten av istida låg høgaste brekulen nær vasskiljet ved Fagernuten, og breen sende ein utløpar ned mot Flåmsdalen. Det vart avsett breelvsletter framom denne breen etter kvart som han smelta attende – først ved elveinnløpa til Reinungavatnet og Seltuftvatnet (i Aurland), og deretter rett sør for Klevavatnet, på grensa til Ulvik. Breelvsletta ved Klevavatnet er særs tydeleg, med store, kvite steinar på overflata nærast elvekulpen (over), der brefronten må ha stogga ei tid. Spor etter elveløp er lette å sjå på overflata. Slike sletter er gode teltplassar, ettersom regnvatnet gjerne søkk ned i grunnen. På deltaet ligg firkanta granittblokker frå eit steinbrot like ved.

Samstundes som breen nådde Klevavatnet, sende han ein arm inn i dalen mot vest, der Øvre Grøndalsvatnet no ligg. Etter å ha skubba saman ein morenerygg inst i dalen har breen demt opp ein innsjø. Strandlinjer frå denne vel 10 000 år gamle sjøen er å sjå på begge sider av dalen, men best på sørsida. På den gamle sjøbotnen ligg òg ein heil serie morenerygger, 14 i talet. Serieproduksjonen skjedde ved at breen, etter kvart som han minka og fronten flytta seg attende, gong på gong stod med fronten i innsjøen og skuva saman morenerygger under vatnet. Ryggene ligg på begge sider av elva, men er størst på sørsida.

Endå eit spor etter breen ligg på austsida av Nedre Grøndalsvatnet, rett nedanfor Rallarvegen. Det er ein såkalla «esker» eller «geiterygg» (biletet under). Eskeren vart avsett på botnen av ei smeltevasselv, i ein tunnel under isen. Avsetjinga skjedde på slutten av nedsmeltinga, då det ikkje var rørsle i breen. Då isen rundt tunnelen smelta vekk, rasa grusen ned på sidene, slik at det oppstod ei kvass ryggform i landskapet.

Fyllitten er òg tydeleg langs Nedre Grøndalsvatnet. Grensa mellom grunnfjell og fyllitt var ein gong nokså flat, men ved Nedre Grøndalsvatnet har ho vorte ujamn. Grunnfjellet dukkar derfor opp att nær elveosen til Nedre Grøndalsvatnet, både som mørk amfibolitt og som lysare granitt.

  • Kart over bergartar og lausmassar vest for Hallingskeid

Kart over bergartar og lausmassar vest for Hallingskeid. (Ottar Hunnes/NGU/Haakon Fossen/Eva Bjørseth)

  • Eskere ved Nedre Grøndalsvatnet

Eskere ved Nedre Grøndalsvatnet. (Inge Aarseth)

  • Hunnes, O.; Anundsen, K. 1985. Forslag til kvartærgeologiske verneverdige objekt/områder i Hordaland: 62–63. Rapport T-614 Avdelingen for naturvern og friluftsliv, Miljøverndepartementet.
  • Nordahl-Olsen T.; Anda, E.1981. Flåmsvassdraget. Kvartærgeologiske og geomorfologiske undersøkelser. Geologisk institutt avd. B,rapport
  • Sigmond, E. M. O. 1998. Geologisk kart over Norge, berggrunnskart Odda – M 1:250.000. Norges geologiske undersøkelse.