• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ramnagjelet, Ulvik

«DET STIG EIT LAND»

Iskappa som dekte landet i kvar av dei 40 istidene i dei siste vel 2 millionar åra av jordhistoria, trykte kvar gong jordskorpa ned – som ein finger på ein gummiball. Og då isen til slutt sleppte taket for 11 000 år sidan, kom jordskorpa opp att, mest der storisen var tjukkast, minst der han var tynn, raskt i byrjinga og seinare etter kvart. Enno stig landet i indre strøk av fylket med kanskje ein millimeter i året. I det store og heile har skorpa i Hordaland likevel atter funne likevekta etter den siste nedtrykkinga.

Spora etter desse rørslene er lettast å lesa frå gamle deltaflater som no ligg høgt over sjømålet. Ulvik har høgderekorden i fylket. At det har seg slik, har samanheng med to tilhøve: Først og fremst var landhevinga her stor, men i tillegg låg det til rette for at sjøen tidleg kunne koma til å setja spor i landskapet. I høve til dei andre fjordbygdene i Indre Hardanger vart Ulvikbygda relativt tidleg isfri. Det gjorde at fjorden kom inn til Ulvik medan det enno låg brear ut i fjordane i Osa, Sima og Eidfjord. Slik gjekk det til at den marine grensa, det høgste havnivået etter at isen forsvann, ligg på rekordhøge 125 meter over dagens havnivå. Rett nok var den totale landhevinga lenger aust noko større enn i Ulvik, fordi ismassane som hadde trykt ned landet, var tjukkare enn i vest. Men sidan fjorden kom til tidlegare i Ulvik, fekk deltaflatene i denne bygda eit forsprang som grannane i aust ikkje kunne ta att.

Etter at isen hadde smelta attende, steig landet truleg så mykje som 10–15 centimeter i året i byrjinga. Kvervlande smeltevasselvar grov ut djupe gjel, Ramnagjelet og Sysegjelet, og avsette sand og grus i delta som no er terrassar høgt oppe i lia. Lenger ute la finsand og leire seg på den gamle fjordbotnen. Smeltevasselvane danna i første omgang to deltaflater, ved Tunheim utanfor Sysegjelet og Hydle utanfor Ramnagjelet, som i dag ligg i om lag same høgd, 125 moh.

Flest terrassenivå er det nedanfor Ramnagjelet, langs elva Tysso. Hydle på vestsida av elva er den øvste. Ein liten terrasse i same høgd, men tvers over elva, viser at desse avsetjingane er frå det same deltaet. Då landet heva seg, delte elva avsetjingane i to. Lenger nede i lia ligg det fleire tydelege terrassar på 105- og 85-meternivået på austsida av elva, like ovanfor og ved Rossvoll. 85-meterterrassen finst òg ved drivhusa på vestsida. Kyrkjegarden ligg på ein heller stor terrasse 50 moh. på austsida av elva. Sentrum i Ulvik er såleis ei elvevifte av nyare dato.

Gjela i dalsidene ovanfor Ulvik-bygda er svært store i høve til lausmassane i terrassane nedanfor gjela. Det tyder på at gjela må ha vore gravne ut ikkje berre på slutten av den siste istida, men òg i tidlegare istider. Sedimenta frå desse istidene vart skyfla vidare av isen, langt ut i Nordsjøen. Berre sedimenta frå slutten av den siste istida vart liggjande att i Ulvik, og vil bli liggjande inntil breane i neste istid sopar dei vekk.

Tronge gjel er typiske resultat av elveerosjon, gjerne frå breelvar under isen. Ramnagjelet har den største elva, Tysso, medan Sysegjelet no har berre ein liten bekk. Elva som grov ut Sysegjelet, må ha kome over passet, 40 meter høgare enn dagens nivå i Solsævatnet.

  • Då landet lyfta seg opp, grov elvane seg ned. Noko av bergmassane som vart fjerna då Ramnagjelet og Sysegjelet vart forma, finn vi att som sand og grus i terrassane i Ulvik

Då landet lyfta seg opp, grov elvane seg ned. Noko av bergmassane som vart fjerna då Ramnagjelet og Sysegjelet vart forma, finn vi att som sand og grus i terrassane i Ulvik. Det må ha vore ustyrlege smeltevasselvar som kunne evna å meisla ut dei djupe gjela. I Sysegjelet renn det no berre ein liten sildrebekk. (Svein Nord)

  • Ulvik-bygda med dei markerte terrassenivåa

Ulvik-bygda med dei markerte terrassenivåa. (Tore Brandstveit/Masaoki Adachi)

  • Snittet langs Tysso og langs sidene av Tysso viser korleis landet har stige i Ulvik etter istida

Snittet langs Tysso og langs sidene av Tysso viser korleis landet har stige i Ulvik etter istida. (Inge Aarseth/Eva Bjørseth)

  • Anundsen, K.; Simonsen, A. 1967. Et preborealt breframstøt på Hardangervidda og i området mellom Bergensbanen og Jotunheimen. UiB Årbok. Mat. nat. serie 7.
  • Helle, S. K. 1993. Strandforskyvning i indre Hardanger, Vest-Norge. En litoog biostratigrafisk undersøkelse av 3 myrbassenger i Ulvik og Ullensvang. Upublisert hovudoppgåve, UiB.