• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Krosskyrkja frå 1710

Krosskyrkja frå 1710 (frå: Rothery, C. W. (1855) Notes on a yacht voyage to Hardanger Fjord, and the adjacent estuaries. London, Longman, Brown, Green, and Longman. Utsnitt. Repro eigd av Hardanger Folkemuseum (HFU-WA 1373)).

KROSSKYRKJE OG STAVKYRKJE

Den kyrkja som står i dag på Brakanes, er ei krosskyrkje som er bygd i 1857–59 etter teikningar av arkitekt H. Linstow. Denne kyrkja avløyste ei krosskyrkje frå 1710, som igjen erstatta ei stavkyrkje frå mellomalderen, på den gamle prestegardens grunn. To utskorne portalvangar og eit måla antemensale (alterforstykke) høyrer til det ypparste vi har av mellomalderleg kyrkjekunst i Noreg. Portalen og antemensalet er i dag i Universitetsmuseet i Bergen; dei høyrer til dei mest kostesame eignalutene til muséet. Ein kopi av mellomalderantemensalet heng i dagens kyrkje. Denne er prydd innvendig i 1923 med måling av Lars A. Osa. Dei fysiske restane av mellomalderens kyrkjebygg, stavkyrkjeportalen, daterer stavkyrkja til 1100-talet; eit høgdepunkt i norsk og europeisk treskjerarkunst.

  • Portalen frå stavkyrkja i Ulvik

Portalen frå stavkyrkja i Ulvik er idag på Historisk Museum i Bergen. (Svein Skare)

  • Prestegarden, Hakastad.

Mellomaldergarden på Hakastad

Nedre Hakastad er ein av dei gamle gardane i Ulvik. Her vart truleg den første stavkyrkja bygd, og her ligg prestegarden. Ei gammal segn fortel at stavkyrkja skulle byggjast på Opheim, men på forunderleg vis vart tømmeret nattarstider ført til Hakastad. Desto meir forunderleg er denne segna når det viser seg i dag at røyndommen er omvend: i ei av dei store løene på Opheim finn vi store stavar, fint forarbeidde, som må skriva seg frå stavkyrkja på Hakastad. Dendrokronologisk datering (årringsdatering) viser at stavane truleg må daterast til 1200-talet; frå den kyrkja som vart riven i 1710. Den nye kyrkja vart bygd på Brakanes.