• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Hustufter ved foten av Vassfjøro.

Spor etter hustufter og aktiviteten i brotet er framleis å sjå for dei som tek turen frå Osa opp den bratte fjellsida.

TAKSKIFER TIL FJELLS

Ved foten av Vassfjøro finst det god takskifer. Liksom dei andre skiferbrota i Hordaland ligg også dette brotet i solen til dei kaledonske skyvedekka, like over fyllitten og grunnfjellet. Det var her utvalsinga var mest intens, og her skifrigeigenskapane vart best utvikla.

Men skiferen i Ulvik låg langt til fjells – langt frå folk og marknad. Likevel vart brotet kjøpt frå oppsitjarane i Ulvik for meir enn hundre år sidan. Desse rettane vart i 1899 overdregne til norskamerikanaren C. Børs-Isdahl. Han hadde store planar, og det vart sagt at han var millionær. Skiferheller vart frakta med løypestrenger frå brotet, 1100 moh. og ned til Osa. Drifta varde ikkje særleg lenge. Arbeidet vart lite lønsamt, og ofte kunne det vera mykje snø, med fare for snøskred. I 1914 drog Børs-Isdahl attende til Amerika.

  • Skifertak i Ulvik med stein frå brotet ved Vassfjøro.

Skifertak i Ulvik med stein frå brotet ved Vassfjøro.