• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Leikanger har fleire eldre bygningar knytta til offentleg styre og stell. Bygningane ligg på rekkje og rad langs strondi, rekna frå Hanahaug og innover: Prestegarden, Klokkargarden (kyrkjelydshus), Tinghuset frå 1939, Sorenskrivargarden og Fylkesmannsgarden. Nyare hus er Tinghus I og II, Statens Hus (attmed Skrivareiki), Fylkeshuset, Vegvesenet sitt hus, og endå eit nytt statens hus. Dei tre siste ligg på Hermansverk. Dette stykket handlar om Sorenskrivargarden. Les meir her.