• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ask mot Herdlefjorden og Holsnøy

Ask mot Herdlefjorden og Holsnøy. (Helge Sunde)

Jordbærdyrkinga på Askøy skaut fart i byrjinga av førre hundreåret. Då gartnaren Samson Eik tok med seg sorten «Seierherren» frå Rosendal i 1909 for jordbærdyrking på Hop, viste det seg at jordsmonnet og klimaet i dette området låg godt til rette for storproduksjon av jordbær.

Det er rotafjellet som gir askøybæra den gode smaken. På delar av austsida av Askøy har næringsrik glimmerskifer gitt fruktbart jordsmonn – dei grøne markene mellom Ask og Straumsnes er Askøys oase. Det var det grøne Ask bergensarane helst valde til sete for landstadene sine når dei søkte til Askøy om sommaren. Jordbærdyrking på friland var ei av hovudnæringane på Askøy, og «askebær» har vore verdsette og etterspurde i fleire generasjonar. Like til Austlandet nådde ryet i gamle dagar. Jordbær frå Askøy er framleis å få, men i dag er det få bruk att som leverer den edle vara, og bæra er den same sorten som ein dyrkar overalt i landet.

Det er lett å sjå skiljet mellom dei karrige gneisbergartane med furuskog og blåbærlyng og den frodige glimmerskiferjorda på denne delen av Askøy. I sør skjer overgangen nord for Olavika, i nord overtek dei gnitne bergartane att styringa av jordsmonnet ved Breivik. I det mellomliggjande området henta jordbæra grokraft og smak.

Vesle Bergensboge har ført glimmerskiferen til Askøy. Mellom Straumsnes og Ask dukkar dette geologiske fenomenet opp av Byfjorden. Så forsvinn det etter kvart på vegen nordover til Herdlefjorden. Skifrane på austsida av Askøy var opphavleg leire. Denne leira vart over lang tid pressa ned i jordskorpa, langt ned i djupet av den kaledonske fjellkjeda, med temperaturar opp mot 400–450 ºC. På 15–20 kilometers djup vart leirkorna omkrystalliserte til glimmermineral. Det skjedde samtidig med at mineralet granat vart danna. Då fjellkjeda seinare vart sliten ned, slik at bergarten kom opp til overflata, sette forvitringa inn. Minerala vart ustabile då dei kom i kontakt med atmosfæren. Vêr og vind lét ikkje sjansen gå frå seg og gjekk til åtak på minerala. Slik vart næringa i fjellet frigjord til jorda (sjå ramme).

I bakkane på Ask har fjellet fått forvitra sidan istidene tok slutt for 11 500 år sidan. Det er ikkje særleg lenge i geologisk samanheng. På grunn av den dårlege motstandskrafta mot nedbryting i glimmerskiferen er resultatet likevel vorte ei tjukk mineraljord. Dei harde og kvartsrike gneisbergartane elles på øya har vore utsette for dei same åtaka frå vêr og vind over like lang tid. Slike bergartar krev nedbryting gjennom fleire millionar år, helst under langt varmare klimatilhøve, for å utvikla godt jordsmonn. Derfor er ikkje nedbrytinga komen særleg langt i dette fjellet.

Området mellom Straumsnes og Ask er ikkje berre tilgodesett med næringsrike og lettforvitrande bergartar, det er òg betre verna mot ulagleg vêr enn mange andre delar av kommunen. Kolbeinsvarden, Askøys høgaste fjell, tek av for sørvesten. Sjøen står dessutan ikkje på slik han kan gjera på vestsida. Geologien og vêrtilhøva har altså spela på lag for å skapa dei gode vekstvilkåra.

Næring frå stein

Daude planter blir brotne ned av mikroorganismar som produserer karbondioksid (CO2). Oppløyst i vatn gir karbondioksid karbonsyre (H2CO3). Karbonsyre er ei heller svak syre. Men når ho får verka ei tid saman med humussyrer og frigjorde hydrogenion (H+), blir effekten større: Syra går laus på mineral som opphavleg vart danna på store djup, og omskaper dei til andre mineral som er stabile ved dei tilhøva som eksisterer på jordoverflata. Ved denne prosessen blir det frigjort kalium (K) og nokre gonger òg kalsium (Ca), stoff som er viktige for eit godt jordsmonn.

  • ei kone med ei typisk jordbærkorg av tre.

Eit bilete frå 1930-åra; ei kone med ei typisk jordbærkorg av tre. (Utlån:Ivar Tumyr)

  • Dagny Tellevik haustar årets avling.

Jordbærhausting på Ask før og no, Dagny Tellevik haustar årets avling. (Svein Nord)

  • Fossen, H.; Ragnhildstveit, J. 1997. Geologisk kart over Norge, berggrunnskart Bergen – M 1:50.000. Norges geologiske undersøkelse.