• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ask er ein av dei eldste gardane på Askøya; kjend sidan 600-talet. Under rikssamlinga vart Ask ein av kongsgardane som Harald Hårfagre la under seg. I seinmellomalderen høyrde garden til Bergen bispestol, og byens siste katolske erkebiskop, Olav Torkildsson, budde tidvis her.

Etter reformasjonen kom Ask igjen under krona og kongen, som i 1628 selde garden til futen Mauritz Bostede, trass i at slottsherren på Bergenhus gjekk mot salet og hevda at slottet ikkje kunne klara seg utan forsyningane frå denne storgarden. I 1642 vart Ask kjøpt av Axel Mowat, som let garden over til den store godssamlinga under svigersonen, baron Ludvig Rosenkrantz til Rosendal. Enno i 1865 var Ask langt den største garden på Askøya.