• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Steinbrotet i Kollevågen, 1922.

Steinbrotet i Kollevågen, 1922. Steinen herfrå vart nytta mellom anna til kaiutvidinga i Vågen, Bergen. (Bergen Havnevesen)

På Kong Olav Vs plass i Bergen er det stein frå Hanøy. Saman med simagranitt frå Eidfjord pryder han bygolvet rundt Den blå steinen. Det er ein grå og svakt rosa granittisk gneis som er broten til representativt gatedekke i Bergen.

Steinarbeidarane i Askøy har solide tradisjonar å byggja på. Rundt 1920 utgjorde dei sju prosent av alle yrkesaktive på øya. Lokal stein har askøyværingane alltid gjort nytte av, til bygningar, steingjerde og kaiar. Det finst minst tretten gneisbrot på øya, dei fleste i Hanøy- og Kollevågområda. Fleire tusen kubikkmeter stein er tekne ut i desse brota, det meste i byrjinga av 1900-talet.

Som elles i grunnfjellsområdet er gneisen mellom Hanøy og Kollevågen vorten til ved samanpressing og utvalsing av grunnfjellet under den kaledonske fjellkjededanninga. Gneisen fekk då ei lagdeling som gjer han veleigna til bygningsstein.

  • Fossen, A. B. 1983. Fra pælebrygge til steinkai – trekk ved utbygginga av Bergen havn ca.1870–1940. Sjøfartshistorisk Årbok: 59–106. BOF – årsmelding.