• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Setegarden på Hop; Thomas Erichsens Minde. Prospekt av J.F.L. Dreier, 1810

Setegarden på Hop; Thomas Erichsens Minde. Prospekt av J.F.L. Dreier, 1810 (Svein Nord).

Frå 1500-talet var Hop setegard for lagmannen i Bergen og Gulen lagdøme. Fleire av lagmennene var adelege, slik som Hans Hansen Lillienskiold og Niels Knagenhielm. Den vakre hovudbygningen, som framleis står, vart reist av bergenskjøpmannen Thomas Erichsen i 1793-95. Han opparbeidde også ein storslått hage med ein 800 meter lang lindeallé ned til steinnaustet i Hopshavn. 

Hovudhuset er eit staseleg byggverk i louis-seize-stil, med to vakre portalar og prydde søylerekkjer på tre sider, som ber mansardtaket. Bygget er eit glimrande eksempel på standarden i det bergenske handverket på denne tida. Vi må til Bogstad gard i Oslo, «Gimle» i Kristiansand eller «Nøisomheden» ved Molde for å finna stilmessige parallellar. Seinare er mansardtaket endra til halvvalm for å gje plass til loftsvindaugo. Bygningen, som er freda, var aldersheim fram til 2011, men er no i privat eige. 

 

  • Hop setegard, Askøy

Hovudinngangen på Hop har framleis den søyledekte fasaden frå slutten av 1700-talet (Svein Nord).

  • Trumpy, B. (1977) Bergenske lyststeder. Bergen, Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring.