• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ramsøy med restar etter dei tyske artilleristillingane

Ramsøy med restar etter dei tyske artilleristillingane (Svein Nord).

VARDEVAKT

«Det høyrdest ved nott eit dunder på dør, og husbonden vaknar, spring ut og spør: Kven er det som belar? Jau no lyt du ut, for varden lyser på Høgenut. Og kvar mann visste i same ande, at no var det kome ufred til landet.»

DET TYSKE KYSTFORTET PÅ RAMSØY

I diktet Vardevakt skildrar Per Sivle meisterleg den angst og uhyggje som spreiddest i heimane når ufredsbod kom. Folket i Hordaland har gjennom meir enn 1500 år vore vel budde på trugsmål frå fiendar. Mange minne etter forsvarsverk og varslingssystem frå farne tider finst framleis her i fylket. Innanfor Askøy kommune finst bygdeborg frå jernalderen, vete frå mellomalderen og nyare tid, og festningsanlegg frå vårt eige hundreår.

I 1941-42 bygde den tyske hærmakta omfattande kystartilleristillingar på Ramsøyi. Saman med sju andre anlegg var anlegget her ein del av ‘Artillerigruppe Hjeltefjord’, med landkvarter på Skurtveit på Holsnøy. Batteria vart bemanna med avdelingar som var organiserte og sette opp i Stuttgart. Ramsøybatteria hadde fire kanonar med ei rekkevidd på 14 000 meter og dekte Hjeltefjorden nordover til Merkesvik og Blomvågen. Idag er restane etter festningsverka på Ramsøyi dei best bevarte av dei mange tyske forsvarsanlegga i Askøy.

  • Vardebrenning. Rekonstruksjon

Vetane – eit gamalt varslingssystem

  • Olafsen, O. (1915) Viter eller Varder i Hordaland. Hardanger, s. 21-25.