• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sjøbua på Bakholmen, Austevoll

Sjøbua på Bakholmen med dei to vindearkene er ein klassisk representant for kystarkitekturen (Svein Nord).

På Vestre Bakholmen, ein liten holme på 60 dekar mellom Hundvåko og Drøni, ligg den eldste av handelsstadene i Austevoll. Her var i lang tid tingstad og det naturlege sentrum i dette øyriket.

Bakholmen har truleg vore gjestgjevarstad heilt sidan mellomalderen. På 1600-talet høyrer vi om ein gjestgjevar her med namnet «Mikkel i Bakholmen». Kremmarverksemd har det vore drive sidan tidleg på 1600-talet, med handelsprivilegium så tidleg som 1714. Då vart handelen flytta hit frå Bakkasund.

Michael Olrich frå Holland tok borgarskap i Bergen i 1697, og den mektige Olrich-ætta «residerte» på Bakholmen fram til 1760-åra. Dei åtte mellom anna handelsstadene på Hiskjo i Bømlo og Kvalvåg, som den gong høyrde til Fitjar og Våg skipreide, og ein stor part i Austevoll-kyrkja. Lysekrona, som i dag heng i kyrkja på Storebø, var i si tid ei gåve frå Maren Olrich.

Tingstova vitnar om at Bakholmen frå gammalt av har vore ein sentral stad i denne øykommunen. Då Austevoll vart eigen kommune i 1886, vart tingstova i Bakholmen fast møtestad for heradsstyret og andre kommunale nemnder, og slik var det like fram til 1964. Her var det også bank og rutebåtsamband.

Etter 1964 har det ikkje vore aktivitet på Bakholmen, men bygningane på den gamle gjestgjevarstaden, handelsstaden og tingstaden er godt tekne vare på.

  • Utsnitt av Carta Marina

Carta Marina

  • Endresen, H. G. (1943) Gjestgivere og skippere i ytre led: II. Olrich. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 38-45.