• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Emnestykke til skåler og auser

Der skule- og idrettsanlegget på Eidsbøen no ligg, var det før ei myr med knausar kring. For meir enn 1000 år sidan var dette ein heilagstad, der dei døde vart gravlagde.

På knausar kring myra har det lege minst 5 gravrøysar. No er berre to att. Den eine ligg som ein liten rest av ei steindyngje. Den andre vart granska for nokre år sidan og er no restaurert. Her fanst restar av ei steinkiste, men grava var plyndra og øydelagd for lenge sidan. Eit spinnehjul frå ein handtein som gravrøvarane ikkje fann, syner at den døde var ei kvinne. Ho har truleg budd på ein av gardane her ein gong i yngre jernalder, for mellom 1000 og 1400 år sidan.

I myra er det funne mange tresaker, mellom anna emnestykke til skåler og auser. Mest truleg har det her ein stad halde til ein treskjerar som har bruka myra til lager for halvferdige emnestykke. Av ein eller annan grunn har han vorte hindra frå å henta dei att. Kan hende var han ein av dei som låg i gravrøysane ved myra?