• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Krosshamn, Austevoll

Krosshamn (Svein Nord).

Krosshamn ligg i skipsleia nordaust for Hundvåkøy, nær Sandtorv. Namnet kjem truleg av at dette er den hamna i Austevoll som ligg nærast mot Korsfjorden.

Ferdslevegar skaper sentra og utkantar, og endringar i samferdsla gjer gamle sentra til nye utkantar. Dette er noko Krosshamn har fått røyna.

Frå 1600-talet har Krosshamn vore gjestgjevarstad, men vi finn lite opplysningar om staden før mot slutten av 1700-talet. Det har aldri budd mykje folk i Krosshamn, så grunnlaget for verksemda har vore den gode hamna midt i skipsleia. For sjøfarande var det naturleg å leggja seg til der før dei gav seg i kast med Korsfjorden, eller etter at dei hadde kryssa dette opne og vêrharde fjordstykket.

Også på anna vis vart Krosshamn eit viktig sentrum. Her var handelsbu og fiskemottak, bakar, skomakar og fargeri, og hit drog folk frå heile den nordlege delen av Austevoll. Den første bakaren som slo seg til i den vesle strandstaden på Os ved Bjørnefjorden midt på 1800-talet, hadde vore bakar i Krosshamn.

Då det kommunale sjølvstyret vart innført i 1837, og i nær 50 år frametter, høyrde den største delen av Austevoll til Sund kommune, som tidlegare var ein del av Sartor skipreide. Krosshamn låg då sentralt i kommunen, og i heile denne perioden var tingstova i Krosshamn fast møtestad for formannskapet og heradsstyret. Den nye kommuneskipnaden i 1886, som gjorde Austevoll til eigen kommune, førte samstundes til at Krosshamn vart ein utkant i kommunen, og kommunestyringa flytta møta sine til tingstova på Bakholmen.

I dag er Krosshamn sommarbustad, men den gamle tingstova står framleis.