• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

vårmariband

Møkster i mai er verd ei vitjing: Grasbakkane er då vakkert dekorerte av store mengder mørkeraud, blømande vårmarihand. I små enger mellom fjellknausane finn vi ein fargerik flora med mange urter. På strandnære berg veks småvaksen kystarve og dvergsmyle, og inne i sprekkane den sjeldsynte hjortetunga. Dei kalkkrevjande plantene verkar reint eksotiske her ute i havgapet blant dei meir vanlege plantene. Kalken får dei frå fjellet: Møkster og naboøyane er nemleg i stor grad bygde opp av omdanna kalkstein, marmor.

  • Hassel i havgapet

Hassel i havgapet

Dei første menneska som slo seg ned på Hordalandskysten, hadde hasselnøtter med seg frå sør. Det resulterte i ei rask spreiing av dette treslaget. Då dei første bøndene seinare rydda skogen for å få beitemark til husdyra, vart hasselen fortrengd til bergskorer og andre utilgjengelege stader. Men her klorte han seg fast, og har vorte verande, like til i dag. Historia til hasselen på Møkster kan såleis vera meir enn 11 000 år. Den kalkrike berggrunnen på Møkster har vore til god hjelp, sjølv på stader med lite jordsmonn. Der havet står på, kan ein finna låge, krypande hasselkratt, knapt halvmeteren høge, som breier seg utover strandberga.

 

På Møkster veks òg reine hasselskogar, eit særsyn i kulturlandskapet ved havet.

  • Øvstedal, D. O.; Sæthre, H. Å. 1988. Hasselskogar i ytre Hordaland. Eit verneforslag. UiB, Aboha.