• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Eit ungekull på tre er mykje for ein toppskarv, og vitnar om gode næringstilhøve i havet like ved hekkeplassen

Eit ungekull på tre er mykje for ein toppskarv, og vitnar om gode næringstilhøve i havet like ved hekkeplassen. Frå Kvitingen naturreservat. (Stein Byrkjeland)

ILLELUKTANDE AUSTEVOLLINGAR

Fisk og gjester luktar etter tre dagar, heiter det. Skarven treng ikkje så lang tid. Går du etter lukta, er ikkje skarven vanskeleg å finna.

Men ikkje gjer det. Der toppskarven hekkar hos oss, som på nokre av holmane vest av Møkster, har ein ikkje lov å ferdast. Heller ikkje er det lov å gå nærare med båt enn 50 meter frå land. Sjøfuglkoloniane på ein av holmane, Myrbærholmen, vart freda på privat initiativ så tidleg som i 1953, det andre verneområdet for sjøfugl i Hordaland.

Skarvekolonien ved Mågabølet, Myrbærholmen og Kvitingen vest av Møkster, er kanskje den eldste i fylket, men slett ikkje den største. I dag hekkar det færre enn 10 par her – dei fleste i bergkløfter og avsatsar på Kvitingen. Austevollskarvane kan ha vore meir talrike før, men om dei ikkje er så mange, gjer dei mykje av seg og er lette å få auga på. Langt fleire hekkar i Sørøyane på Bømlo, om lag 250 par er talde der. Lenger nord i landet finst endå større hekkekoloniar av toppskarv.

Det er skarven sitt einsidige kosthald, fisk, som gjer at det gjerne luktar stramt på hekkeplassen. Om stanken er ille, er utsjånaden staseleg, med sterk metallglans i den ramsvarte fjørdrakta. Sjøfuglar må til vanleg vera nøye med fjørpussen for å halda vatnet ute frå kroppen og såleis unngå varmetap. Med skarvane er det annleis. Ofte må dei dukka til store djup for å fanga fisk. Då er det ein føremon å vera kompakt i skrotten. Det blir dei ved å sleppa vatnet gjennom fjørdrakta, og dei blir såleis våte til skinnet. Ein våt skarv er likevel ingen god skarv i lengda, så etter ei stund må dei på land og tørka seg. Truleg er det derfor vi ofte ser skarv sitjande med hengjande venger på sjømerke og høge steinar.

Frå gamalt er det toppskarven som er den opphavlege skarven i Hordaland, men i dag hekkar også storskarven i fylket. Toppskarvane overvintrar for det meste nær hekkeplassane. Mange dreg òg nordover under hausttrekket, for å overvintra nord om Sognesjøen. Noreg har eit særskilt ansvar for toppskarv: Arten er totalfreda. Dei fleste store hekkekoloniane i landet er òg verna. Ser ein skarv ved Hordalandskysten om vinteren, er det oftast storskarv. Storskarv hekkar i Noreg frå Trøndelag og nordover, men dei to siste tiåra har storskarv frå Austersjøen breidd seg vestover og hekkar no fleire stader i Sør-Noreg. To av desse nye koloniane ligg  sør i Bømlo.

  • Håland, A. 1979. Sjøfuglundersøkelsene i Hordaland – toppskarven. Krompen 8:41–45.